Kor mykje cruiseturisme toler Longyearbyen?

cruiseskip ved Longyearbyen
Mange vil oppleve arktisk natur på nært hald, både frå konvensjonelle cruiseskip som seglar til Svalbard og frå ekspedisjonsskip med Longyearbyen som base. Dette er litt av bakgrunnen for at Visit Svalbard har tinga ei tolegrense-analyse for reisemålet Longyearbyen frå Vestlandsforsking. Foto: Visit Svalbard/Håkon Daae Brensholm

Populære reisemål for cruiseturistar har hyra Vestlandsforsking til å skaffe kunnskap om kor mykje cruiseturisme staden bør legge opp til. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget, ser forskarane på meir enn klima og miljø. Kva lokalsamfunnet ønskjer seg, er òg ein del av biletet.
– Der reiselivet før la mest vekt på kva turistane ville ha, tenker ein no òg på kva innbyggjarar og andre i reisemålet ønskjer, seier seniorforskar Agnes B. Engeset.

Kva har hardangerbygda Eidfjord til felles med den høgarktiske utposten Longyearbyen? Jo, begge er svært populære stoppestader for cruiseskip. Det betyr at folketalet på dei små stadene til tider blir mangedobla av passasjerar som stig i land. Dei nyfikne turistane vandrar i området i nokre timar eller dreg vidare på utflukt.

Med det kjem liv og røre og pengar i kassa, men òg fulle gater og kaféar, køar og kaos. For mange turistar på ein stad kan i verste fall gjere at eit lokalsamfunn får nok, slik ein har sett på Kanariøyane i vår. Det vil både Eidfjord og Longyearbyen unngå.

Eit nivå folk trivst med

Dermed gjeld det å finne eit nivå av cruisetrafikk som reisemålet kan leve med. På norsk kallar ein dette «tolegrense», på engelsk «carrying capacity». Kor grensa går, finst det ulike svar på.

Både Visit Svalbard og Eidfjord kommune har nyleg hyra Vestlandsforsking til å skaffe meir kunnskap som gjer det mogleg å vurdere kor deira tolegrensa som reisemål bør gå, og i dette arbeidet kombinerer instituttet kompetanse på berekraftig reiseliv med kunnskap om klima og miljø.

Forskarane la opp kunnskapsgrunnlaget som ei undersøking av sju ulike punkt eller tolegrenser:

1) Juridisk: nasjonalt og Svalbard-spesifikt lovverk

2) Miljø: lokalt og globalt

3) Økonomisk: kor mykje bør ein tene på turismen

4) Hamna: kor mange skip er det rom for

5) Sosialt: innbyggjarar og tilreisande si oppleving

6) Longyearbyen: kva staden har kapasitet til

7) Visuelt: korleis skipa pregar staden visuelt sett

Seniorforskarane Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth frå Vestlandsforsking har begge arbeidd med dei ulike sidene ved kva som kan bestemme tolegrensa for cruiseturisme i Longyearbyen.

Bakgrunnen for desse oppdraga er at turiststader som vil kvalifisere seg til Innovasjon Norge sitt merke for berekraftige reisemål, må gjennom ein grundig prosess. Dei reisemåla som tek imot cruiseskip, må òg gjennomføre ein analyse av staden si tolegrense for turisme. Eidfjord kommune er i tillegg med i eit fylkeskommunalt prosjekt om besøksforvaltning. Eidfjord sentrum er også viktig innfallsport til Hardangervidda og har lange tradisjonar for turistar som kjem landevegen, som til dømes dei gode, gamle bilturistane eller bubilar. Difor ynskjer Eidfjord å utforske kor mykje dei kan handtere av både cruiseturisme og det vi kallar landbasert reiseliv.

Seniorforskar Agnes B. Engeset tykkjer det er interessant at reiselivet tek ei dreiing vekk frå å legge mest vekt på kva turistane vil ha, til å bry seg meir om korleis innbyggjarane opplever turisttrykket og ønskjer å ha det i åra framover.

– Det er ikkje berre reiselivsnæringa som skal bestemme, det skal vere ei slags brei einigheit bak. Det gjeld å finne fram til det nivået lokalsamfunnet trivst med, seier ho.

Irritasjon enkelte dagar

Korleis ser biletet ut for folk som bur og jobbar i ein av verdas nordlegaste tettstader? Agnes Brudvik Engeset har sett seg inn i det som finst av undersøkingar blant innbyggarane og gjort eigne intervju i Longyearbyen. Ho fortel at reiselivet på Svalbard gir mange gode som dei fastbuande nyt godt av.

– Turistane bidreg til eit breiare utval av restaurantar, overnattingsstader, aktivitetar og butikkar.

Samtidig kan det bli fullt utanfor toalett og serveringsstader når svære skip med fleire tusen passasjerar legg til ved tettstaden, som berre har rundt 2700 fastbuande.

– Det handlar likevel meir om irritasjon enkelte dagar enn om generell misnøye blant folk, seier seniorforskaren.

Føretrekker ekspedisjonsskip

Turistane strøymer særleg til Longyearbyen i to periodar: i april og mai kjem det flest nordmenn, og i juli og august dominerer andre nasjonalitetar.

Ein del kjem med store cruiseskip som seglar heile vegen til Svalbard. Samtidig flyr stadig fleire reisande til Longyearbyen for så å gå om bord i mindre ekspedisjonsskip. Desse skipa bringer turistane nærare kysten og i land på aude stader. Denne gruppa av cruiseturistar legg at mest pengar i Longyearbyen, noko næringslivet merkar på kassa-apparata.

Agnes og Kristin
Seniorforskarane Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

– Innbyggarane i Longyearbyen set òg størst pris på ekspedisjonscruise-turistane, ettersom dei opplever desse turistane som meir genuint interesserte i Svalbard og liva folk lever der, seier Engeset.

Vekst på kant med berekraft

Det er eit «men» ved dei som skal på ekspedisjonscruise, og det gjeld klimagassar. Sidan alle som går om bord på ekspedisjonsskipa flyr til Longyearbyen, blir dei samla utsleppa frå skip og fly store. Og ekspedisjonscruiseturismen er i vekst.

Analysar av skipstrafikken i øyriket viser ein stor auke i passasjerkilometer for ekspedisjonsskip dei siste 15 åra. Det reiser eit dilemma for dei som skal vurdere kor tolegrensa går for Longyearbyen: Kan staden kalle seg eit «berekraftig» reisemål samtidig som omfanget og dermed utsleppa aukar så mykje? Paradokset blir ekstra tydeleg når effektane av klimaendringane er så tydelege nettopp på Svalbard.

Det spesielle med Svalbard er at styresmaktene ønskjer at det skal vere eit slags utstillingsvindauge for forvaltning av høgarktisk villmark, samtidig som dei ønskjer busetting og utvikling, fortel seniorforskar Kristin Løseth.

– Men sidan klimaendringane skjer raskare på Svalbard, er det dessverre òg eit utstillingsvindauge for dramatiske endringar i natur og klima.

Lokalsamfunnet skal setje tolegrensa

Visit Svalbard har vore aktivt med i diskusjonar medan forskarane har bygd opp kunnskapsgrunnlaget for Longyearbyen sine tolegrenser. Det blir òg dei som tek drøftinga vidare med aktørar i Longyearbyen. I ein slik dialog er forskarane opptekne av at reiselivet trekker med så mange grupper i lokalsamfunnet som mogeleg.

– Ein bør særleg involvere dei som ikkje har inntekt frå reiselivet, understrekar Engeset.

Forskarane er spente på korleis lokalsamfunnet, næringslivet og lokalstyret vil løyse den gordiske knuten, nemleg balansen mellom lokale utfordringar ved cruisetrafikk og globale klimagassutslepp.

– Svalbard ligg langt nord og ein kjem seg ikkje dit utan fly eller båt, og dermed blir det store utslepp når folk reiser dit for å oppleve det øygruppa har å tilby, seier Engeset.

– Turismen til Longyearbyen set difor spor både i miljø og klima. Men viss ein set ei altfor høg tolegrense, vil det gå imot ei forståing av kva som er berekraftig reiseliv. Forskarane lanserer difor omgrepet «moralsk tolegrense» og spør retorisk om det er rett av oss å satse på eit reiseliv som fører til høge utslepp:

– Er dette i tråd med prinsippa for eit berekraftig reiseliv?

 

"Ny analyse av Svalbards tålegrense: Bærekraftig reisemål innen 2025" (High North News)