Skal forske på «Open dag på Kaupanger»

Kaupanger
Foto: Henning A. Hellebust

Når Kaupanger inviterer til open dag 16. juni, er reiselivsforskar Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking på plass for å samle materiale til ein studie av berekraftige opplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur.
– Kaupanger har så mykje å by på av kulturarv og kystkultur som ein kan kombinere med naturopplevingar, seier forskaren.

Arrangementet «Open dag på Kaupanger» går av stabelen 16. juni og er del av forprosjektet Om berekraftige besøksopplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur (Ombook). Blant høgdepunkta er hesteskyss, roing i gamle færingar, ein minikonsert med Judith Vestrheim og vandring i kulturlandskapet. 

Målet er å undersøke om ein slik kulturdag med aktivitetar for store og små kan skape bulyst og bidra til styrka stadidentitet, fortel Agnes Brudvik Engeset, seniorforskar innan reiseliv ved Vestlandsforsking.

Arrangørane bak Open dag er samarbeidspartane i forprosjektet Ombook.

kart kaupanger

Program for open dag

English version