Skal lytte til dei som opplever netthets

Kvinne med afrikansk bakgrunn og mann med indisk bakgrunn står i lobby
Carol Azungi Dralega (til venstre) er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen og tidlegare forskar ved Vestlandsforsking. Ho har ansvaret for den delen av prosjektet som skal samle erfaringar med netthets på arbeidsverkstaden i Kristiansand. Rajendra Akerkar er prosjektleiar og professor i stordata ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

Korleis artar netthets seg for frivillige, kommunale og statlege organisasjonar? 25. oktober inviterer Vestlandsforsking til ein arbeidsverkstad der hatpratet skal under lupa.

Prosjektet Socyti

Det tverrfaglege forskarteamet skal utvikle nye metodar basert på kunstig intelligens for å oppdage valdsframkallande sosial åtferd frå folk som deltek i digitale nettverk.

Metodane skal hjelpe myndigheitene til å setje i verk strategiar og kampanjar for å motverke åtferd som kan leie til hat og vald. 

Populærvitskapleg samandrag

I ei fersk undersøking av debattklimaet på nett i Kristiansand-området, kom det fram at etniske minoritetar, skeive og unge oftast er offer for hatefulle ytringar. Når samtalane handlar om etniske minoritetar, tek 14 prosent av kommentarane form av netthets, altså kvar sjuande kommentar, melde NRK Sørlandet 17. oktober.

Å stoppe netthets og hatprat med ny teknologi er kjernen i forskingsprosjektet Socyti (Forebygging av valdsframkallande åtferd i det sosiale cyberrommet i lokalsamfunn), som Vestlandsforsking starta opp i 2022. Forskarane er no i gang med å samle inn data, og har invitert representantar for utvalde organisasjonar til å dele erfaringar og arbeidsmåtar. Arbeidsverkstaden finn stad 25. oktober i Kristiansand.

Her deltek Nomkus, Norges multikulturelle senter; freds- og menneskerettssenteret Arkivet; The Inter Faith Network, eit britisk nettverk for trus- og livssynsorganisasjonar og fem offentlege aktørar: Arendal kommune, Medietilsynet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og politiet.

Kvinne med iransk bakgrunn
Seniorforskar Gilda Seddighi

Diskusjonane skal vere avgrensa til «hatprat på nett», og kjem til å handle både om kva typar hatprat som førekjem, korleis kvar enkelt organisasjon jobbar mot hatprat og kva for reglar og lover dei då støttar seg på og kva slags utfordringar hatprat skapar i samfunnet, sett frå deira ståstad.

Det som blir sagt på arbeidsverkstaden, vil i neste omgang hjelpe forskarane med å utforme spørsmåla i ei spørjeundersøking. Denne skal gå til ulike organisasjonar som jobbar mot netthets. Kor diskusjonane bevegar seg 25. oktober, vil òg påverke kva delar av forskingslitteraturen om netthets og hatprat forskarane vel å ta for seg, og kva dei vel å utelate.

– Slik sett kan du seie at vi bygger prosjektet nedanfrå og opp. Vi navigerer gjennom feltet, og prøver å forstå korleis det eigentleg ser ut, seier seniorforskar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking. Ho har ansvaret for denne delen av forskingsprosjektet saman med Carol Azungi Dralega, som er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen i Kristiansand.