Tek til orde for radikal omlegging av arealplanlegginga

Karen disputerer
Karen Richardsen Moberg disputerte for doktorgraden ved NMBU 15. desember 2023. Foto: Kyrre Groven

- Det trengst ei radikal omlegging av arealplanlegginga, sa Karen Richardsen Moberg då ho leverte prøveførelesinga si og disputerte ved NMBU 15. desember. Ein må hente fram att verktøy som har ligge nedstøva i verktøykassa sidan det nyliberale inntoget på 1980 og -90-talet, og finne alternativ til vekst viss vi skal greie å redusere tap av natur og artar og redusere belastninga på klimaet, sa Karen frå podiet.

Førre veke la Karen Richardsen Moberg fram doktorgradsavhandlinga si med tittelen "Bærekraftig kommunal arealbruksstyring: Tenke det, ønske det, ville det – men gjøre det?» frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Kritisk sans

I grunngivinga til den godkjende avhandlinga, sa komiteen at Karen er kritisk, ikkje berre til kva ho har gjort og ikkje fått gjort i sitt eige arbeid, men også til korleis planarbeidet blir gjort i norske kommunar i dag. For Karen er langsiktig tenking i planarbeid viktig og ho peikar på at det offentlege bør spele ei viktigare rolle i planarbeidet enn kva dei gjer i mange kommunar i dag.

Festsalen
Karen sit klar før prøveførelesinga med opponentane og rettleiarane oppkopla, frå toppen: professor emeritus Louis Albrechts ved KU Leuven og professor Simin Davoudi ved Newcastle University. Det tredje medlemmet i kommisjonen var professor Jin Xue ved NMBU, som var til stades i salen. Til høgre: hovudrettleiar Petter Næss, professor emeritus ved NMBU. Foto: Idun A. Husabø

- Planlegging handlar om mykje meir enn å leggje til rette for private utviklarar, slik ein kan få inntrykk av at det er i dag, sa ho mellom anna under disputasen.

I arbeidet med doktorgraden har Karen utvikla eit rammeverk om strukturar og aktørar, og korleis idear i samfunnet påverkar desse. Karen sa at det meste som går føre seg innanfor planlegging i dag ligg under eit såkalla «svakt berekraftsparadigme», eit tankesett der ein har stor tiltru til teknologi, der natur kan erstattast av annan kapital og der det rår ein tanke om at ein kan kople miljøpåverking fri frå økonomisk vekst. Karen kritiserer desse ideane for ikkje å ta nok omsyn til moglege vippepunkt i naturen, rettferd og kva som er eit nødvending og tilstrekkeleg forbruk for å leve eit godt liv.

Tematikken byggjer på forskingsprosjektet Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround), som vart avslutta i 2022. I prosjektet står arealplanlegging i tettstader sentralt, og forskarane har samanlikna utviklinga i utvalde tettstader over 30 år.

Prøveførelas om det norske plansystemet

Dagen i forvegen, torsdag 14. desember, heldt Karen den obligatoriske prøveforelesinga. Det gjekk føre seg i den ærverdige festsalen i Urbygningen, som eingong var eit sentralt bygg ved Noregs landbrukshøgskule.

Davoudi og Karen
I tillegg til krevjande spørsmål, fekk Karen mykje ros under disputasen. Her med førsteopponenten, professor Simin Davoudi frå School of Architecture, Planning and Landscape ved Newcastle University. Foto: Idun A. Husabø

Førelesinga, som skal dreie seg om eit tema gitt av komiteen NMBU har sett saman, handla om korleis ein kan gjere det norske plansystemet meir berekraftig, rettferdig og legitimt. Ikkje eit lite tema å skulle svare på med 45 minuttar til rådigheit! Men Karen var innom alt frå dei heilt konkrete utfordringane til dei store overordna samfunnstrukturane som må endrast om vi skal få eit meir berekraftig plansystem. Ho snakka mellom anna om å tydeleggjere samspelet mellom høvesvis plan- og bygningsloven og andre sektorlovar, slik som naturmangfaldsloven.

Ho brukte også Kate Raworth sin smultringmodell til å seie at vi må tenke meir heilskapleg rundt berekraft og reversere fleire av dei nyliberale reformene vi har sett innanfor plan- og utviklingsarbeid dei siste 30 åra. Eit viktig verktøy Karen trekte fram var retten til å fremme ei motsegn, eit verktøy ho meiner bør få større vekt framover.

Julefeiring på forskot

Fleire frå Vestlandsforsking hadde teke vegen over fjellet for å sjå Karen disputere på det vinterkledde campus Ås, ei veke før julaftan. Etter disputasen blei det middag i Ås sentrum med familie, kollegaer og fleire frå Institutt for by- og regionplanlegging ved NMBU. No ventar ei velfortent julefeiring for Karen og familien før ho vender tilbake til Sogndal som seniorforskar på nyåret.