To langreiste nytilsette

cheshta og dante
Cheshta Arora frå India og Dante Della Vella frå USA starta ved Vestlandsforsking i mai 2023. Cheshta har ein ph.d. i samfunnsvitskap frå National Institute of Advanced Studies og Manipal Academy of Higher Education i India. Dante har ein mastergrad i Cognitive Systems Engineering frå The Ohio State University. (Foto: Idun A. Husabø)

Teknologi- og samfunnsgruppa ved Vestlandsforsking har fått to nye medlemmer frå kvar sin verdsdel. Medan Dante Della Vella kjem frå Ohio i USA, har Cheshta Arora flytta til Sogndal frå den indiske hovudstadsregionen.

– Eg landa på flyplassen i Sogndal i tett tåke, fortel Dante. – Eg såg ingenting anna enn ein litt spøkelsesaktig skog.

Den unge ingeniøren frå Cleveland i Ohio har saktens vore langt heimanfrå før, som då han i studietida engasjerte seg i organisasjonen Engineers without borders og drog til Afrikas minste land, Gambia, for å bygge eit vatningssystem for lokalsamfunna sine grønsakshagar eller då han oppsøkte familien sine røter i Italia for å lære seg språket til dei italienske forfedrane sine.

gambia-foto
Dante (til høgre) prøver ut vatningssystemet han var med på å lage i Gambia saman med ei kvinne frå landsbyen. (Foto: Engineers without borders)

Men også Noreg har sine kulturelle særeigenheiter og eksotiske sider som må erfarast av nyankomne.

Mai på kontoret

Få dagar etter at Dante kom inn i lokala til Vestlandsforsking, fekk han forklart sentrale vårfenomen, som at mai byr på stadig nye fridagar, at «inneklemte dagar» ofte blir til langhelger og tomme kontorlokale – og at 17. mai er ein dag utanom det vanlege.

Saman med katten Beatrice har han no flytta inn i byggefeltet høgt over Sogndal. Der fekk han og mora, som hjelpte til med flyttinga over Atlanterhavet, med seg den glade stemninga i bygda på grunnlovsdagen, med alt frå høglydt russefeiring til bunadskledde nordmenn.

Første møte med snø

For Cheshta starta den nye jobben mjukt, med eit symposium der mange av deltakarane hadde reist like langt som ho sjølv. Saman med dei andre teknologi- og samfunnsforskarane ved instituttet tok ho imot deltakarar frå 12 land til symposium om kunstig intelligens, digitalisering og stordata på Quality Hotel Sogndal.

På ekskursjon til Bøyabreen fekk turbussen ei uventa punktering, og det travle følgjet fekk eit ufrivillig opphald ved Brævasshytta i regn og skodde. Medan andre søkte tilflukt i bussen, nytta Cheshta høvet til å ta og føle på snø for andre gong i livet sitt. Det første møtet med snø hadde ho i forskingsleiar Hilde G. Corneliussen sin hage ved Hafslovatnet eit par dagar før.

saidd 2023
Kort tid etter at ho kom til Sogn, var Cheshta med på å ta imot forskarar frå 12 land til kunstig intelligens-symposiet SAIDD 2023. Her ved Bøyabreen, der enkelte nytta høvet til å ta på snø for første gong. (Foto: Idun A. Husabø)

Å kome til Noreg har bydd på fleire andre overgangar, som å bli vand med sommarlyse netter.

– Lyset er eit sjokk. Det er uvant å sjå ut om kvelden, og så er det ikkje mørkt!

Å spørje kvar Cheshta kjem frå, er som å opne ei historiebok. Sjølv om ho er indisk, har ho røter i Pakistan. Etternamnet Arora vitnar om herkomst frå den historiske byen Aror i Indus-dalen, som Arora-folket forlet i året 711 for å slå seg ned i Punjab. Politisk uro mellom nabolanda India og Pakistan har i seinare tid ført familien stadig lengre vekk frå både Punjab og Kashmir, der foreldra vaks opp. Cheshta budde først i vakre Amritsar, før familien flytta til hovudstadsområdet. Som student pendla ho att og fram mellom universitetet i Delhi og det ho kallar ein «gørrkjedeleg» naboby, Ghaziabad.

– Vi har alltid vore på flyttefot, så eg likar å svare folk som spør at «eg kjem frå der eg er på veg», seier Cheshta.

Menneske og maskiner

Som eit tverrfagleg institutt, har Vestlandsforsking fostra forskarar med mange slags bakgrunnar. Medan Dante har ingeniør-master og interesserer seg særleg for skjeringspunktet mellom menneske og maskiner, er Cheshta opphavleg ein litteraturvitar som har trekt over i samfunnsvitskap og filosofi. Også ho har ei spesiell interesse for møtet mellom menneske og maskiner, men for ho er kjønn og eit feministisk perspektiv sentralt. I doktorgraden gjorde ho ei filosofisk lesing av den amerikanske professoren Donna Haraway, som står bak fleire verk om tilhøvet mellom menneske og maskin, menneske og dyr og mellom feminisme, politikk og vitskap. Før ho kom til Vestlandsforsking, jobba Cheshta for Centre for Internet & Society i India. Det siste halvåret jobba ho frilans med eit prosjekt knytt til kunstig intelligens og etikk.

– Kort fortalt er eg ein samfunnsvitar som ser på dei sosiale og politiske konsekvensane av nye teknologiar, som blokkjede og kunstig intelligens, forklarer ho.

Teknologi med samfunnsnytte

Dante fann Vestlandsforsking gjennom eit prosjekt han tykte var svært interessant. Resiloc-prosjektet, som Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking har leia, handla om å forbetre beredskap og krisehandtering. Midlane kom frå det høgthengande Horizon 2020-programmet til EU-kommisjonen og fekk Dante til å sende ein søknad.

dante klatrar
"I programmet for institutturen stod det 'a short walk'", kommenterte Dante etter å ha klatra opp ei bratt, sleip og litt nifs fjellside over Hoddevika på instituttur til Stadlandet. (Foto: Daniel Furberg)

For Cheshta var det heilt tilfeldig at det blei akkurat Vestlandsforsking. Ho hadde aldri nokon plan om å bu i Noreg, men kan hugse at ho som barn hadde ein fascinasjon for Island. I vinter hadde ho på gjeremålslista si at ho skulle skrive jobbsøknader, og då ho kom over ei jobbutlysing frå Vestlandsforsking, fekk ho av stad ein søknad like før fristen gjekk ut. Så fekk ho ein telefon frå Noreg.

Dante jobbar i eit av Rajendra Akerkar sine nye prosjekt, Socyti, med over 19 millionar kroner i budsjett. Samfunnsproblem rundt netthets og hatprat er utgangspunktet, og forskarane skal kombinere nye teknologiar og metodar for å førebygge at hetsen breier om seg eller får valdelege utløp.

Tverrfaglege og internasjonale

Cheshta skal inn i forskingsgruppa til Hilde G. Corneliussen, ein annan senior ved instituttet. Der er kjønn, mangfald og teknologi ramma for forskinga. Ho tykkjer det er både kjekt og spennande å kunne ønskje dei to velkommen til teknologi- og samfunnsgruppa.

– Begge to scorar høgt på det tverrfaglege spennet mellom teknologi og samfunn, som er viktig i dei fleste prosjekta våre, understrekar ho.

At både Cheshta og Dante har så mange internasjonale kontaktar, byr på sjansar til å utvide prosjektsamarbeidet med land som USA og India.

– Vestlandsforsking har alltid lagt stor vekt på internasjonalt samarbeid. Som bakgrunnen til Cheshta og Dante viser, har vi mange globale utfordringar knytt til digital teknologi. Det hadde vore flott å utvide samarbeidet med India, seier Hilde.