Norsk-amerikansk samarbeid om kunstig intelligens

Ei stor gruppe folk i pene klede står oppstilte ved eit bygg i USAs hovudstad
Rundt førti forskarar frå USA og Noreg var inviterte til workshopen i Washington 2.-3. juni. Professor Rajendra Akerkar står framme, litt til venstre for midten. Foto: Den kongelege norske ambassaden i Washington

Rajendra Akerkar, professor i stordata ved Vestlandsforsking, deltok nyleg på ein to dagars workshop om kunstig intelligens i den amerikanske hovudstaden, på invitasjon frå Kunnskapsdepartementet, det amerikanske energidepartementet og den norske ambassaden i Washington.

Norge har nyleg signert ein avtale med det amerikanske energidepartementet om å samarbeide tettare om forsking, innovasjon, utdanning og etiske spørsmål på dette området. Som eit ledd i samarbeidet, vart fleire sentrale forskarar inviterte til den norske ambassaden i Washington 2. –3. juni, i eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, det amerikanske energidepartementet og ambassaden.

Framståande forskarar frå ulike institusjonar og laboratorium i USA og Noreg møttest til samtalar om framtidig samarbeid.

Styrke kvarandre

– Kunstig intelligens har eit enormt potensial og kan bidra både innan karbonfangst og -lagring, til smartare energisystem, i klimamodellering og for å utvikle meir persontilpassa medisin, seier Akerkar.

Han fortel at hovudmålet med workshopen han deltok på, var å etablere eit meir strategisk og langsiktig samarbeid og styrke kvarandre i forskinga på kunstig intelligens.

mann ved vestlandsforsking sitt skilt, planter bak
Rajendra Akerkar har gjennom fleire år bygd opp eit forskingsmiljø for stordata og kunstig intelligens ved Vestlandsforsking.

– Det er òg gode mogelegheiter for å samarbeide om tema som ligg i skjeringspunktet mellom helse, klima og energi, seier Akerkar.

Idear til nye prosjekt

Rundt 40 forskarar frå amerikanske og norske institusjonar deltok på workshopen, som vart opna av ministerråd Torleiv Opland ved den norske ambassaden i Washington, Geraldine L. Richmond, som har tittelen Undersecretary of Science and Innovation i det amerikanske energidepartementet og Ola Borten Moe, forskings- og høgare utdanningsminister i Kunnskapsdepartementet.

Programmet vart leia av Pamela Isom frå det amerikanske energidepartementet og Ketil Widerberg frå Oslo Cancer Cluster. Workshopen hadde fire hovudbolkar: klima og energi; kapasitetsbygging og vitskap; helse, pandemi og kreft og til slutt juss og etikk.

– Dette var ein ypparleg arena for å stifte kjennskap til nye forskingsmiljø i USA, seier Akerkar, som i fleire år har bygd opp forskingsmiljøet for stordata og kunstig intelligens ved Vestlandsforsking.

Han synst det vart lagt fram mange interessante idear til framtidig samarbeid innan kunstig intelligens, og trur turen blir ein kime til konkrete prosjektsamarbeid i nær framtid.

Les meir om Rajendra Akerkar og stordata-forskinga ved Vestlandsforsking