To kvinner med pc i møterom, ei middelaldrande og ei ung. Smiler
Seniorforskar Hilde G. Corneliussen har hatt gleda av å gje student Mathea Endeberg innblikk i forskingsområdet ho brenn for. (Foto: Idun A. Husabø)

Sosiologistudent Mathea Endeberg fekk sin første smak av arbeidslivet gjennom arbeidslivsretta praksis ved Vestlandsforsking i oktober og november. På dei sju vekene rakk ho å utforme og gjennomføre ein survey til teknologistudentar og analysere svara som kom inn.
– Eg har ikkje gjort noko liknande før. Det har vore spennande å vere med frå start til slutt, seier Mathea.

Mathea Endeberg kjem frå Flesberg, nabokommunen til Kongsberg. 22-åringen går tredje året på bachelorutdanninga i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), der studentane det nest siste semesteret får høve til å prøve seg i arbeidslivet. Praksistida er sju veker – eit omfang høgskulen er åleine om her i landet.

«Gjennom praktiske oppgåver, samarbeid og rettleiing skal studenten få høve til å erfare korleis det er å arbeide i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidige yrkesrolle», heiter det i emneplanen. Kor studentane vel å vere, spenner frå Nav-kontor til avisredaksjonar. Studentane har i år vore ved 18 ulike arbeidsplassar, men Mathea er åleine om å ha praksis ved eit forskingsinstitutt.

Med på alle stega

Ved Vestlandsforsking fekk Mathea plass på eit felleskontor og vart teken opp i forskingsgruppa for Kjønn, mangfald og teknologi, leia av seniorforskar Hilde G. Corneliussen. Gitt Hilde sine 25 år med forsking på dette området, var Mathea i trygge hender. Likevel fekk ho mykje i fanget: Å førebu og gjennomføre ei heil spørjeundersøking, med alle krumspringa det inneber – e-postar, løyve og godkjenningar til ulike instansar. Då svara var innhenta, var ho med på å analysere dei og presentere funna i ein rapport.

– Eg har ikkje gjort noko liknande før. Det har vore spennande å vere med frå start til slutt, seier Mathea.

Fann tydelege kjønnsskilje

Surveyen gjekk til studentar ved ulike teknologiutdanningar.

Det interessante med desse studia, er at dei oftast har færre kvinner enn menn. Andelen kvinner ved enkelte fag er nede i 10 prosent. Sjølv om ubalansen er uønskt, varar den ved, både på mange teknologiutdanningar og ved teknologibaserte arbeidsplassar.

Eit funn Mathea tykte var interessant, er at medan mange av dei mannlege studentane svarar at familie og vener seier dei passar inn på slike studium, seier få kvinnelege studentar det same.

– Med jentene var det meir at dei fann ut av det sjølv, seier Mathea. Ho synst temaet var spennande, og undrar seg over at det er så tydelege kjønnsforskjellar på dette området.

Invitert inn i forskingstema

Surveyen viste mellom anna at over 90 prosent av gutane synst dei passar godt til å jobbe med teknologi. Berre 65 prosent av jentene svarar det same. At rollemodellar av same kjønn er viktig, sluttar 63 prosent av jentene seg til, mot berre 10 prosent av gutane.

Hilde G. Corneliussen er etter kvart godt kjend med mønstera undersøkinga viser. Ho seier mange jenter ikkje kjenner seg «inviterte inn» i teknologifaga. Ein del gutar meir eller mindre rekrutterer seg sjølve til teknologifaga fordi dei har spelt dataspel og leika med PC-ar, medan dei færraste jentene har ein slik bakgrunn. I tillegg møter jenter på kulturelle barrierar fordi det er ein utbreidd tendens i vår kultur til å assosiere teknologifag med gutar.

– Vi ser gjennom forskinga vår at mange jenter går ein ekstra runde med meir kjønnstypiske studiar før dei finn vegen til teknologifaga.

Les meir om jentenes "strafferundar"

To vaksne ser på ein annan vaksen som skal til å sparke ein fotball så hardt han kan - innandørs, i simulator
I praksisperioden var sosiologistudent Mathea (til høgre) ein del av teknologi- og samfunnsgruppa ved Vestlandsforsking. Ho var ein sjølvsagt gjest då gruppa vitja ViteMeir. Her prøver Daniel Furberg å slå rekorden i harde spark, medan Øyvind Heimset Larsen ser på. (Foto: Idun A. Husabø)

For seniorforskaren var det givande å få ein juniorforskar å snakke til om eit tema ho brenn for og har forska på i 25 år.

– Eg trur veldig sterkt at når du først lærer å sjå og forstå kjønnsskeivheiter, t.d. i teknologifag, som vi forskar på, greier du ikkje å slutte å legge merke til dei. Det har vore kjekt å få invitere Mathea inn i den verda, seier Hilde.

– Det er ei bevisstgjering som er viktig i samfunnet vårt, fordi vi har ein myte om at vi har eit veldig likestilt samfunn, slår ho fast.

Luksussituasjon

– Det vart ein skikkeleg lynsurvey! Mathea gjorde det aller meste, sjølv om vi samarbeidde om visse oppgåver, fortel Hilde. Forskaren opplevde det som eit gode å ha ein student hos seg i ein såpass lang periode.

I seks av vekene hadde Mathea Hilde eit tastetrykk unna, men den siste veka var ho nøydd til å greie seg meir sjølv, ettersom Hilde var booka av EU-systemet i Brussel for å evaluere søknader om forskingsmidlar. Ein «vikar» var likevel tilgjengeleg.

Mathea møtte trufast fram i lunsjen under heile perioden. Det vart mykje vilter prat og høge latterskrall, og garantert mange lunsjsamtalar om smale, litt dystre tema – ein spesialitet ved klima- og miljøgruppa. Sjølv om ho har eit tynt grunnlag for samanlikning, synst ho trivselen ser ut til å vere på topp.

– Eg trur de på Vestlandsforsking har eit veldig godt arbeidsmiljø, smiler ho, over utkastet til survey-rapporten ho har mykje av æra for. Måndag skal ho snakke til medstudentane sine om praksistida og kva ho gjorde ved instiuttet.

– Det å ha nokon som kan sitje fokusert og jobbe i sju veker med ein survey, er fantastisk – vi andre blir dregne i så mange ulike retningar, seier Hilde.