Ledige forskarstillingar innan klimaomstilling

Foto
Som forskar i Sogndal bur du midt i eit fantastisk landskap og kan bruke naturen både som laboratorium og tumleplass. Biletet er frå fjellet Storehogen like ved Sogndal. (Foto: Bård Basberg)

Kunne du tenke deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan desse stillingane i Sogndal vere noko for deg. Vi ser etter samfunnsvitarar med bakgrunn innan klima.

Vestlandsforsking har stor aktivitet på området klimaomstilling. Difor vil vi no tilsette ein eller to nye forskarar.

Foto
Sommarfest på Ytre Eikjo i Luster i juni 2020. (Foto: Kyrre Groven)

Forskarane blir ein del av forskingsgruppa for klima og miljø. Dei kan òg bli kopla til forskingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), som Vestlandsforsking etablerte saman med andre leiande forskingsmiljø på feltet i 2018.

Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, klimatilpassing, energiomstilling, industriell økologi, berekraftig transport og forbruk.

Full utlysingstekst og fleire detaljar om stillingane finn du her

Triveleg arbeidsplass

Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med om lag 30 forskarar frå fag som statsvitskap, samfunnsgeografi, økonomi og naturvitskap.

Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Dessutan tilbyr vi ei fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og andre velferdsordningar.