– Vi har "toppa laget"

Fem personer samtaler rundt et bord

Då den verdsleiande energiforskaren professor Benjamin Sovacool vart tilsett ved Vestlandsforsking, var det i følgje forskingsleiaren like stort som om Sogndal fotball hadde signert Ronaldo. Denne veka fekk særleg dei yngre forskarane nyte godt av Sovacool si unike erfaring som skribent og publisist. Dei er svært nøgde.

– Ein kan trygt sei at vi har toppa laget, seier forskar Torbjørn Selseng. Han er ein av dei som fekk personlege råd og tilbakemeldingar på vitskaplege tekstar som er under produksjon.
Korleis skal ein god artikkel vera forma? Kva er kvalitet? Innanfor forsking vil ein ofte få ulike svar etter kven ein spør. 

Persoa<r et lunsj i kantine
Det vart også tid til meir uformelle kollegasamtalar då Benjamin Sovacool heldt føredrag om skriving og vitskapleg publisering.

– Det som er så fasinerande med Sovacool, er at han er så utruleg konkret i dette som jo er veldig abstrakt, seier Selseng. Han ser stor skilnad på teksten sin før og etter gjennomgangen med Sovacool.
– At han også skal følgje opp artiklane våre er ekstremt verdifullt. Det opnar opp for publisering vitskaplege tidsskrift eg kanskje ikke ville sendt til utan oppmodinga frå han, seier Selseng.

Verdskjend og prisløna

Benjamin Sovacool er ein av verdas mest siterte forskarar på saker og kontroversar i energi- og klimapolitikken, med over 22.400 sitat jamfør Google Scholar. Professoren er forfattar eller redaktør av 18 bøker og nær 400 fagfellevurderte akademiske artiklar og kapittel. Han har hatt kommentarplass i Wall Street Journal og San Francisco Chronicle, og er sjølv redaktør i tidsskriftet Energy Research & Social Science.