Vestlandsforsking i alle kanalar

Aall i Flåm

Fleire forskarar ved Vestlandsforsking har vore aktive med formidlingsarbeid i form av kronikkar, intervju, debatt og andre faglege innspel i media denne sommaren. Til saman er instituttet omtala i over 100 media. Carlo Aall deltok mellom anna på valsendinga frå Flåm, der berekraft i reiselivet var eit hovudtema.

I tillegg til Sogn Avis, Firda, porten.no og andre lokale har det vore fleire fine oppslag i nasjonale media som Dagbladet, Vårt Land, Dagsavisen, Klassekampen, Dagens Næringsliv, Nettavisen, Nationen, VG, Dagens Næringsliv, Kommunal rapport, og NRK både i radio, på tv og nettsider. 

Carlo Aall fekk først stor merksemd etter utspel på konferansen Lomsløftet, der han mellom anna samanlikna klimapåverknaden frå reiseliv med den frå oljeutvinning. NRK har fokusert på bodskapane hans ved fleire høve, mellom anna var han 13. august gjest i Ekko. Han har også deltatt i debattprogrammet Verdibørsen, der hans utspel om tvang i klimakampen vart diskutert saman med filosof Lars Kolbeinstveit. Programma finst som podcast og kan høyrast på nett hjå NRK. Elles har Aall vore ein aktiv debattant i fleire media, med hovudbodskap om at klimakampen ikkje kan vinnast berre med teknologiske nyskapingar. Særleg høgt gjekk debatten i Vårt Land og Dagbladet, men Aall har figurert i over 30 ulike media denne sommaren. 

VANNKLIMRISK fekk stor merksemd. Pressemeldinga og nettsaka vår om Torunn G. Hønsi sitt prosjekt vart vidarepublisert og sitert i over 15 media – i tillegg til våre lokale aviser og forsking.no. I tillegg vart Hønsi sin ekspertise særs relevant for media etter hendingane med flaum og ras i Jølster. 

Torunn G. Hønsi

 

Arendalsuka

Ragnhild Freng Dale segla "Klimaseilasen" med skipet Statsraad Lemkuhl til Arendalsuka, og deltok i paneldebattdebatt (bilde til venstre) om teknologi som mogeleg redning for klimaet. Sendinga kan også sjåast og høyrast på våre Facebooksider.

Karen Richardsen Moberg deltok hjå Bergens Tidende med ein podcast der du får fem tips om å kutte ditt klima-avtrykk. 

 

Idun A. Husabø skreiv hjå forskersonen.no kronikken "Surt hav er ikkje sexy". Den handlar blant anna om kor vanskeleg det er å vekkje merksemd for problemet havforsuring, samanlikna med opprop når kvalar døyr med magen full av plast.

 

Idun

 

 

 

 

 

Halvor Dannevig publiserte kronikk om havforsuring i Dagens Næringsliv. 

Halvor Dannevig

 

Hans Jakob Walnum

Hans Jakob Walnum skreiv saman med fleire ein kronikk med fire råd om betre berekraft i cruisenæringa. Den er publisert hjå Bergens Tidende.

 

Ivar Petter Grøtte representerte IT-forum då det handla om vestlandets første 5G-nett, og vart intervjua av NRK.

Øyvind Heimset Larsen var hjå NRK radio for å dele kunnskap og innspel kring breibandutbygging, der Vestland fylke vil peike seg ut som eit av fylka med tregast og dermed dårlegast beidband. 

 

SA

Sogn Avis publiserte Eivind Brendehaug sin kronikk «Frå konflikt til dialog - nyskapande friluftsliv for tilflytting», og i leiaren 16.8 hadde redaktør Jani Fardal mykje fint å seie om Vestlandsforsking:

"Ikkje ofte får me presentert eit så nært, konkret og løysingsorientert forskingsprosjekt som det Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking samanfatta i kronikken «Frå konflikt til dialog - nyskapande friluftsliv for tilflytting». For fem år sidan vart Kaupanger profilert som terrengsykkel-destinasjon i media utan at grunneigarane var tatt med på råd. Dette skapte til dels steile frontar mellom grunneigarar og syklistar og ei konflikt var under utvikling. Vestlandsforsking vart då engasjert av Bratt Moro for å foreslå tiltak for å dempa konflikten.Sjølv om det har tatt tid å kome fram til resultatet, så fekk prosessen frå eit tidleg stadium til ein dialog mellom dei ulike brukarane. Ein treng ikkje vera forskar for å finna ut at skal ein løysa ei konflikt, så må partane koma i dialog. Dei må både få snakka og bli lytta til. Nokon gongar kan det likevel vera lurt at ein nøytral, faktasøkjande og løysingsorientert tredjepart kjem inn. Og det er nettopp den rolla Vestlandsforsking har innteke i skogane på Kaupanger. Brukarane har sjølve sett i verk tiltak, Vestlandsforsking har berre kartlagd åtferda. Og forskinga har vist at både grunneigarar, trimmarar og syklistar er interesserte i å tilpassa seg kvarandre for å unngå konflikt. Berre dialogen og informasjonen er til stades. Jegerane jaktar på tidspunkt og plassar med lite anna ferdsel, syklistane tilpassar tidspunkt for sykling for å unngå den mest intensive jaktperioden og trimmarane brukar trimpostane mindre når turbøkene er teke under jakta. Då skulle ein vel tru at det meste no er på stell og at alle kan få gjera seg nytte av naturen til både jakt, sykling og trimming. Det er å håpa, men då må også kommunen ta til seg kunnskapen frå Vestlandsforsking. Kaupangersamfunnet er i vekst, nye byggjefelt kjem til og busetnaden veks. Folk ønskjer å bruka naturen slik allemannsretten gir høve til, men me trur samstundes at dei aller fleste tek omsyn berre informasjonen er god nok. Difor må den positive kommunikasjonen som no er etablert mellom grunneigarar og syklistane kome inn i meir formelle former. Det er her kommunen må koma på bana og saman med grunneigarar, idrettslaget og terrengsykkelgruppa utvikla meir forpliktande avtalar for utvikling, vedlikehald og ferdsel. Det manglar ikkje plass i skogane på Kaupanger, berre ein passar på å tilpassa seg kvarandre."

 

***