Vald til Norsk klimastiftelse

Rådsmedemmar
Frå venstre: Brigt Dale, Nordlandsforskning, Lars Henrik Paarup Michelsen, daglig leiar i Norsk klimastifting, Ragnhild Freng Dale, Vestlandsforsking, Lars Strøm Prestvik, Kommunalbanken. Foto: Cecillie Bannow

Vestlandsforskning er no representert i Norsk klimastifting sitt råd.
Rådet er deira formelle nettverk, sett saman av landets fremste universitet, høgskular, forskingssenter og andre sentrale samfunnsaktørar.

– Eg gler meg. Det er viktig og fint å kunne bidra med den kompetansen Vestlandsforsking har. Klimastiftelsen er ein viktig aktør, og set ofte agenda i omstillingsarbeidet mot grønt skifte, seier Ragnhild Freng Dale. Saman med Karen Moberg skal ho representere Vestlandsforsking og alternere som rådsmedlem annan kvart år.

Norsk klimastifting kallar seg Noregs grøne tankesmie. Stiftinga jobbar for eit samfunn utan utslepp av menneskeskapte klimagassar. Kunnskapsformidling om klimautfordringane og klimaløysingane har ein sentral plass i arbeidet. 

Kommunalbanken og Nordlandsforskning har også fått plass i rådet, som frå før hadde medlemmar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Høgskulen på Vestlandet, OsloMet – storbyuniversitetet, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Tromsø NHH, NTNU, SINTEF Energi AS, CICERO Senter for klimaforskning, Sparebanken Vest, Uni Research AS, Umoe AS, Bjerknessenteret for klimaforskning, Hordaland fylkeskommune. BKK, Christian Michelsen Research, Fridtjof Nansens Institutt, og Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling.