Spesialnummer om berekraftig byturisme

Foto
Visitors to Barcelona face a long wait if they decide to enter La Sagrada Familia, the impressive basilica drawn by Catalan architect Antoni Gaudí. The city is one of several European top destinations where the effects of overtourism are felt by local inhabitants. (Photo: Matti Mattila, https://www.flickr.com/photos/mattimattila/4866039387/)

Carlo Aall har vore gjesteredaktør for eit spesialnummer av tidsskriftet Sustainability. Dei 11 vitskaplege artiklane i temanummeret tek for seg ulike sider ved overturisme og berekraftig byturisme.

Det internasjonale forskingsprosjektet SCHITOS (2016-2018), der Vestlandsforsking var ein av fleire forskingspartnarar, har stått for eit spesialnummer av tidsskriftet "Sustainability" der temaet er berekraftig byturisme. Carlo Aall ved Vestlandsforsking fungerte som gjesteredaktør saman med Ko Koens ved Breda University of Applied Sciences i Nederland. Dei 11 vitskaplege artiklane i temautgåva kan du lese her.

Lokale reaksjonar på turisme

Ei første gruppe av artiklar handlar om turistane sin innverknad på innbyggjarar og lokale interessentar. Forfattarane Koens, Postma og Papp gir en kritisk diskusjon om konseptet overturisme og diskuterer deti samanheng med by- og samfunnsutviklinga. I sitt konseptuelle bidrag gjentek Lerario og Di Turi dette og understrekar kor viktig aktiv byplanlegging og utforming av det bygde miljøet er dersom ein vil redusere potensielt negative effektar av turisme. Dei føreslår dessutan fleire avbøtande tiltak.

Blanco-Romero, Blázquez-Salom og Cànoves kjem inn på det same temaet i sitt bidrag, som viser korleis kommersialisering og gentrifisering av byen Barcelona og utilstrekkelig regulering av turisme har ført til ein auke i sosiale bustadprisar, som i neste omgang har gjort innbyggjarane meir negative til turisme. Rose og Li fokuserer på byturisme i indisk samanheng og framhevar at byane Puri og Varanasi er relativt positive til sektoren. I denne samanhengen er innbyggjarane spesielt urolege for miljømessige følgjer av turismen.

Vanskeleg å styre turismen

To artiklar ser spesielt på måtar ein kan administrere turisme på. Tescașiu og kollegaer har i ein studie samla ulike interessentar for å diskutere kva for mogelegheiter som ligg i delingsøkonomien. Resultata deira avdekka kor vanskeleg det er å regulere deling av reiselivstenester, i og med at ein så stor del av desse tenestene ikkje er fanga opp av offentlege oversikter eller databasar, og fordi reiselivstenester ofte følgjer sine egne reglar. Bidraget frå Lalicic og Önder er interessant fordi det går ut over berre å problematisere eller skildre innbyggarane sine oppfatningar av byturisme og i staden ser på korleis ein kan bruke teknologi til å omforme reiselivsplanlegging og innbyggjarengasjement.

Turisten sitt perspektiv

Spørsmålet om berekraftig byturisme sett frå turistane si side, er diskutert mellom anna i bidraget frå Martinez-Garcia, Raya-Vilchez og Galí. Dei trekkjer merksemda til mikro-skala og tidsmessige dimensjonar ved turiståtferd. Forfattarane peiker på den store heterogeniteten ein finn blant besøkande i Girona når det gjeld tidsforbruk og potensielle implikasjonar for berekraftig styring av turisme.

Lai, Hitchcock, Lu og Liu undersøker turistane sine perspektiv på turisme i Macao og fremhever kor viktig gode relasjonar mellom turistar og turistvertar er, saman med det å oppleve tryggleik, og dessutan «word of mouth» som kanal for marknadsføring. Deng og Pierskalla har brukt ein matematisk modell for å analysere – og få stadfesta – antakinga om at eigenskapar som på førehand blei trudd å vere lite viktige, påverkar opplevinga av tilfredsheit i liten grad.

Utvikling i polske byar

Przybyla og Kulczyk-Dynowska har studert 18 polske byar i tidsrommet 2005–2015. Dei to viser at reiselivsaktivitetane har auka mest i byar som frå før av var populære reisemål, men at det også finst byar der turismen er blitt mindre intens.