Gir kostnadsfri rådgjeving om bio-avfall

Otto i eplehagen

Nedfallsfrukt. Treflis. Rekeskal. Slam frå fiskeoppdrett. Slike biprodukt og biologisk avfall kan vera både kostnadskrevjande og vanskeleg å bli kvitt. Vestlandsforsking tilbyr gjennom EU-prosjektet ENABLING rådgjeving frå verdsleiande ekspertar, via ein open og kostnadsfri nettportal. 

– Dette er eit tilbod produsentar frå alle bransjar kan nytte. Ein registrerer seg berre gjennom eit skjema på nettsidene og svarar på nokre spørsmål. Så kjem respons frå ulike spesialistar, fortel forskar og prosjektleiar Otto Andersen hjå Vestlandsforsking. Sjølv har han spisskompetanse innan mellom anna utrekning av livsløpsutslepp, altså kor stort klimaavtrykk eit produkt set frå det blir produsert til det må skrotast – eller gjenvinnast. 

Enabling logo og skjema
Portalen, slik den ser ut når ein brukar den blå lenkja i teksten til venstre her.

Rask respons

– I Noreg er vi nok generelt best på foredling og gjenbruk av restprodukt frå fiskeindustri og skogdrift, men våre partnerar over heile Europa står klar med råd og informasjon om det meste innan bioavfall, seier Andersen. Han oppmodar folk til å nytte seg av tenesta, som er enkel å ta i bruk.

– Du kan spørje om biomasse, bio-baserte produkter, innovasjon og teknologi, vitenskapleg litteratur, EU og nasjonalt lovverk og mykje meir, seier Andersen. Ein rådgjevar tek då kontakt med deg innan fem arbeidsdagar og hjelper deg med spørsmåla dine.

Permanent plattform

"ENABLING" står for Enhance New Approaches in BioBased Local Innovation Networks for Growth. 16 partnarar i EU-land pluss Irland og Noreg som deltek i dette Horisont 2020-prosjektet. Hovudmålet er å finne og støtte dei beste metodane for å utnytte bio-baserte restprodukt eller avfall frå både landbruk og anna industri.

– Prosjektet samlar og engasjerer partnarar for å etablere ei permanent innovasjonsmeklar-plattform. I framtida vil Enabling truleg også blir ein av dei viktigaste marknadsplassane kjøp og sal av slike ressursar på europeisk nivå, seier Andersen.