- Vi er i privatbilens siste dagar

Stefan Gössling, #Klimaomstilling2018

– Mange har eit kjærleiksforhold til bilen, og få er klare for skilsmissa som må til, sa Stefan Gössling på konferansen #klimaomstilling2018 – vel vitande om at slike tankar provoserer.

Idun A. Husabø, Vestlandsforsking

Sommaren 2017 gav Gössling ut ei fagbok som såg kritisk på dei sterke banda mellom oss og bilane vi lever med. I «The Psychology of the Car - Automobile Admiration, Attachment, and Addiction» rokka forskar Stefan Gössling ved oppfatninga om at privatbilen er ein nødvendigheit. På den nasjonale klimaomstillingskonferansen Vestlandsforsking held i samarbeid med andre aktørar i fylket 24. - 26. april, tok han opp tematikken att, medan han viste slåande foto frå utforskinga si av bilen som fenomen.

– Han er nærast blitt eit familiemedlem, sa Gössling, som òg viste at bilen for mange er kopla til erotikk eller fyller rolla som ein partnar, ein du kan snakke med og leggje i veg saman med, vekk frå ting som plagar deg.

Inn i psykologien

Forskaren deler tida si mellom Vestlandsforsking og Linné-universitetet i Sverige. Utgangspunktet for interessa hans i bilen, er at klimaendringane gjer det nødvendig å få ned utsleppa frå alle delar av samfunnet – inkludert privatlivet og fritida vår, som for mange omfattar ein del farting med bil.

Gössling tok tak i temaet fordi han var fengsla av kor sterkt bilen er vevd inn i livet vårt, og kor vanskeleg vi har for å fri oss frå han. I jakta på svar, las han seg opp på psykologiske studiar. Han var overraska over å finne så sterke koplingar mellom barndomstraume og villmannskøyring, eller mellom identiteten vår og bilmerka vi vel.

Samfunn som elskar bilen

På store bilmesser i Tyskland, blant skinande bil-glis med dyre skinnsete og poserande, tynnkledde modellar, vart forskaren sitjande og gruble over korleis bilnæringa spelar på så djupe strenger i oss.

– Ein tanke som slo meg var at dei konsekvent viser SUV-ar i eit karrig, nærast post-apokalyptisk landskap. Slik fortel dei oss at vi har mykje å frykte der ute. Verda er farleg, men bilen er vårt skjold, forklarer Gössling.

Forskaren interesserer seg for land der bilen nærast har status som ein heilagdom. På topp finn vi USA, Australia og heimlandet hans, Tyskland. Bilen si stilling har mange røter, frå spreidd busetjing til økonomisk politikk. I tillegg viser Gössling at bearbeidinga av historiske sår, som andre verdskrigen i krigstaparen Tyskland sitt tilfelle, er med på å forklare kvifor bilen er blitt så kjær og vanskeleg å miste, sjølv i eit land der alt ligg til rette for å sykle.

Men i tida som kjem, ventar ei lausriving frå alt det gamle. Om altså forskaren får rett.

Ei framtid der bilen hentar deg

– Har du tenkt på kor mykje av tida bilen din står i ro, utan å køyre nokon stad, spør Gössling. Han skyt inn at bilar i Europa i snitt står parkerte 97 prosent av tida. Er det ikkje då på høg tid å tenke nytt?

– 97 prosent er nesten heile tida. Det viser at talet på bilar vi har i dag er altfor høgt, seier Gössling ivrig. Han ser med stor interesse på teknologien med sjølvkøyrande bilar. Trass i enkelte ulykker, trur han teknologien vil stå seg. Og ikkje berre det: Innan fem år kjem vi til å sjå ei stor omvelting innan bilbruk, hevdar forskaren.

Visjonen er slik: Stadig færre eig bil. Når du skal ein stad, tilkallar du ein sjølvkøyrande bil, kanskje via ein app, slik Uber fungerer i dag. Du let deg frakte dit du skal, kanskje saman med andre passasjerar som skal omtrent same veg. Visjonen vil òg fungere utanfor byane, trur Gössling:

– Dette vil passe best i byar, der mange vil reise i same retning, til eller frå sentrum. Samtidig trur eg det vil fungere på mindre stader, som Sogndal, sjølv om ventetida blir lengre her.

Trur på dei unge

At vi som elskar bilane våre skal komme ut av avhengigheit, har forskaren lite tru på. Han merkar at det er farleg å kritisere bilen, og tilrår heller å fokusere på den oppveksande generasjonen, dei som ikkje ønskjer å ta lappen, og som framleis ikkje har falle for sitt første køyretøy. Kanskje vil dei la seg påverke av bilete som det han viser frå København, der ei frisk og flott jente i student-alder tråkkar inn mot byen i freshe klede.

– Eg har tru på å dyrke fram ein sykkelkultur på sida av bilkulturen vi sjølve er fødd inn i. Eit smart tema å leggje vekt på i slike kampanjar er sunnheit og helse, seier forskaren.

Smarte kampanjar

Psykologien som er så godt utnytta i bilreklamar, kan òg setjast i arbeid for å få fortgang på «skilsmissa» Gössling håpar på. Han fortel om korleis Malmø gjekk fram for å få folk til å slutte med småkøyring – bilturar på under 5 kilometer. Slagordet var «Inga löjliga bilresor», altså «Ingen latterlege bilturar».

– Kampanjen var psykologisk smart, ettersom ingen vil vere latterleg og stille seg utanfor eit fellesskap. Slik kan ein bruke psykologien òg til å kople oss laus frå bilkulturen vi nærast er fødd inn i – også her i Skandinavia, seier forskaren.

 

For meir informasjon om boka, sjå forlaget sin omtale: https://www.elsevier.com/books/the-psychology-of-the-car/gossling/978-0-12-811008-9.

For meir informasjon om konferansen, sjå gjerne her: https://prosjekt.fylkesmannen.no/Klimaomstilling/