Unge, leikne og vitelystne nysgjerrigperar kosa seg på forskingstorget på laurdag

""
Bilde frå Forskingstorget 2018. Frå venstre: Gilda Seddighi og Selam Gile Merid

For tredje året på rad kunne du møte forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet på Forskingstorg på Sogningen. Gjennom aktivitetar fekk barna lære på ein annan måte enn dei pleier på skulen.

Kven bestemmer over dataspel heime hjå deg?

Vestlandsforsking hadde mykje besøk på standen om dataspel og regulering i heimen. Dataspel var tydeleg eit tema som engasjerte både dei yngste og eldste besøkande. Quizen om dataspel var svært populær og barna var ivrige etter å lære. På Vestlandsforsking si stand stod Ida Tidemann-Andersen og Gilda Seddighi og svarde på spørsmål og fortalde om forskinga om «Ungdom, dataspel, konflikt og regulering frå eit familieperspektiv». Eit sentralt spørsmål i forskingsprosjektet er korleis dataspel kan kome i konflikt med eller støtte sosiale forhold, daglege rutinar og forpliktelsar og korleis foreldre forhandlar og regulerer spel.

Her kan du lese meir om forskingsprosjektet.

Erteposekasting, leire og forskarquiz

Forskarar frå Høgskulen hadde laga ei aktivitetsløype der du med erteposar kunne lære og leike med matematikk. Det var stor aktivitet nedover korridoren på senteret der poenga flittig blei rekna ut og fordelt. Ein geolog ved Høgskulen hadde med seg jordprøvar frå Anestølen som alle kunne få kjenne på. Utifrå jordprøvane kan dei lesa at det har gått snøskred i dalen. Barna kunne og ta ein forskarquiz der dei måtte leite etter svaret og spørje forskarane om svar.

Både forskarar, barn og unge hadde ein kjekk dag på Sogningen denne laurdagen. Ca 400 var innom forskingstorget for ein prat, ein forskarquiz eller en puslepause frå handlinga.