Ny trainee til Vestlandsforsking

""
Vår nye trainee, Tone Rusdal

Tone Rusdal er ein av traineeane i årets kull i Framtidsfylket si traineeordning. Ho kjem til fylket med ein fersk master og skal jobbe ved Vestlandsforsking med klimaforsking.

Tone Rusdal frå Moi i Rogaland har budd i København dei siste 3 åra der ho har teke ein master i klimaendringar ved Københavns Universitet. Masterarbeidet har handla mykje om korleis tilpasse seg til klimaendringar og om forvaltning av naturressursar. Når trainee-stillinga vart utlyst ved Vestlandsforsking var det ingen tvil om at ho skulle søkje.

- Vi ser fram til å dra nytte av den heilt ferske kompetansen til Tone. Ho har utdanning innan eit fagområde som er kopla mot minst ein av dei store samfunnsutfordringane i vår tid, nemleg klimaendringar og korleis tilpasse oss dei, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde. Det var 26 søkjarar til trainee-stillinga innan samfunnsfagleg klimaforsking, og Tone trakk det lengste strået.

Kjend med Sogndal og Vestlandsforsking

Tone har budd i Sogndal tidlegare, og gjekk i 2014 ut med en bachelor i fornybar energi frå dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane. Då skreiv ho ei bacheloroppgåve om potensiale for elbilar i bygdene, og kva som vert viktige insentiv for at folk vil kjøpe elbil. I løpet av studietida vart det også fleire rundar med feltarbeid i utviklingsland, og masteroppgåva omhandla klimasmart jordbruk i Ghanas sårbare områder.

Spot-on for utdanninga

- Først og fremst søkte eg på trainee-stillinga fordi den var spot-on i forhold til utdanninga mi, seier Tone. - Den har ei tverrfagleg vinkling på klimatilpassing og beredyktig utvikling, og den tar i stor grad utgangspunkt i nasjonale og lokale problemstillingar som eg synest er viktig, seier ho. Tone legg også til at ho ser på traineeordninga som ein gylden moglegheit til å få ein god overgang frå studiar til arbeidslivet. - Eg skal heller ikkje leggje skjul på at Sogndal i seg sjølv også vart ein stor faktor, seier den ferske traineen.

Skal jobbe med klimaeffektar på naturbasert reiseliv

I traineeperioden skal Tone jobbe med eit forskingsprosjekt med namnet CLIMTOUR. Prosjektet starta opp i år og arbeidet omhandlar kva effekt  klimaendringar har på naturbasert reiseliv i Norge og er finansiert av Norges forskningsråd. - Det er eit stort prosjekt med mange partnarar, så det blir spennande å arbeide med fleire forskjellige fagmiljø og brukarar. Vi skal få fram ny kunnskap om korleis reiselivsaktørane i ulike regionar i Norge kan tilpasse seg dei kommande klimaendringane, kor eg har caset Hardanger og spesifikt Folgefonna, forklarar Tone.

Tone Rusdal skal også jobbe med etableringa av det nye kunnskapssenteret for klimatilpassing i Sogndal. FoU-senteret skal bidra til å styrke både privat og offentleg sektor si evne til tilpassing til klimaendringar og bidra til å sette fylket på kartet i klimaarbeidet. Ho er også med på gjennomføring av den landsdekkande forskingsfestivalen «Forskingsdagane» kor instituttet har stand på Forskingstorget den 22. september, og fleire andre aktivitetar i haust.

Blir kasta inn i arbeidslivet

Tone flytta til Sogndal i sommar og var klar til oppstart 1. august. - Eg trur det å ha mange FoU-partnarar og brukarar å forholda seg til kan bli både utfordrande og lærerikt. I CLIMTOUR-prosjektet har vi mange samarbeidspartnarar, kor instituttet fungerer som eit bindeledd mellom dei alle, seier Tone. - Fagleg sett trur eg også eg kjem til å bli utfordra kvar dag. Eg har frå første dag blitt kasta inn i arbeidet, men med fine kollegaer er det ikkje vanskeleg å spørje om hjelp, seier ho. Tone ser elles  fram til å lære mykje, ikkje minst å kunne sette utdanninga si inn i ein samanheng og bruke utdanninga, og forske på det ho synast er spennande.

Framtidsfylket si traineeordning

Som trainee i Framtidsfylket er ein med i et nettverk med andre traineear som startar i jobb i forskjellige bedrifter i fylket. I løpet av året deltek dei på samlingar rundt om i Sogn og Fjordane og på ein tur til utlandet.

- Dette er helt klart noko eg ser fram til. Ikkje berre det faglege som er lagt opp av Framtidsfylket, men også det sosiale. Å møte andre i same posisjon som meg og dele erfaringar om kva som er utfordrande og kva som er kjekt, skaper eit betre grunnlag til å handtere utfordringar med å vere ny i arbeidslivet, seier Tone Rusdal.

Sjå nettsida til Framtidsfylket