Hackathon - Krise og katastrofe

""

Er du IKT-student i Bergen og er halvveges eller i slutten av bachelorutdanninga di? Meld deg på Hackathon onsdag 24. oktober!

Det er Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking som inviterer IKT-studentar i bergensområdet til hackathon onsdag 24. oktober kl. 10.00 – 18.30 ved Vilvite på Møhlenpris.

Studentar vert invitert til å hacke krise- og katastroferelaterte data med maskinlæring, «Data Mining» og «Natural Language Processing».

Påmelding

Du finn program, kontaktinformasjon og lenke til påmelding her: https://www.bigdata.vestforsk.no/news-1/join-the-first-bdem-hackathon

Dette er ei gylden moglegheit til å jobbe i team for å finne løysingar på utfordringar, lage noko nytt, få rettleiing av forskarar, møte andre studentar og treffe nye folk. Gratis pizza og drikke!

Det er plass til 40 studentar, og deltakarane vert delt inn i lag på opp til fire personar. Du får 6,5 timar på deg før presentasjon av forslaget ditt. Det vert premiar for dei tre beste kreative og innovative løysingane.

Kva er Hackathon?

«Hackathon» er ein kombinasjon av ordet «hacke» og «marathon». Å «hacke» er å raskt byggje smarte løysingar som verkar der og då. Slike raskt samansette løysingar vert kalla for «hacks». Dei kan bestå av mange ulike type maskin- og programvare og ulike metodar og strategiar for å oppnå det ein ønskjer. «Marathon» kjenner vi som ei øving som krev at du er uthaldande ut over det vanlege.

Big Data Emergency Management (BDEM)

Arrangementet er ein del av prosjektet “Big Data Emergency Management” (BDEM)" som er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt der Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking deltek.

Eit av måla i BDEM-prosjektet er å utvikle pensum for kurs i bruk av stordata i krisesituasjonar. Å analysere stordata kan hjelpe oss å føreseie kva problem som kan oppstå i naudsituasjonar og kor behovet for hjelp er størst under krisa. Nokre av verdas fremste forskarar på stordata og beredskap frå USA, Japan, Hong Kong og Noreg deltek i prosjektet som vert leia av Vestlandsforsking. Nokre av dei vil vere til stades under arrangementet 24. oktober i Bergen.

BDEM-prosjektet har fått støtte frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) og frå Forskningsrådet sitt INTPART-program (Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning). INTPART skal bidra til å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg gjennom auka samarbeid med sterke fagmiljø og institusjonar i utvalde land.