Etablerer FoU-senter for klimatilpassing

""
Frå venstre: Halvor Dannevig, Torunn G. Hønsi og Carlo Aall. Foto: Bård Basberg

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har no løyvd 1,2 millionar kroner til etableringa av eit kunnskapssenter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking. Målet med senteret er utvikling av ny kunnskap til bruk for næringsliv og offentlege etatar i arbeidet med å utvikle gode løysingar for tilpassing til klimaendringar.

Behov for ny kunnskap

– Me har fått stadig meir kunnskap om konsekvensane av klimaendringar, og me ønskjer å bidra til at kunnskapen vert teken i bruk, seier professor Carlo Aall som leiar sentersatsinga. I tillegg til arbeid ved Vestlandsforsking har han ei bi-stilling ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her i fylket har me lang erfaring i å handtere naturfareutfordringar som ras og flaum, som me veit det blir meir av i åra som kjem. Forskings- og utdanningsmiljøet i Sogndal har gjennom fleire tiår utvikla seg til å bli blant dei fremste i landet på berekraftig utvikling og klimatilpassing i samarbeid med både andre forskingsmiljø, offentlege etatar og næringsliv. Senteret som no er under etablering gjer det mogleg å konsentrere og fokusere forskingsinnsatsen for å løyse utfordringar med tilpassing til klimaendringane som er i vente både på kort og lang sikt.

Startar ikkje på bar bakke

I tillegg til Aall bidreg forskar Torunn Hønsi og forskingsleiar Halvor Dannevig i arbeidet med etablere forskingssenteret. Dei har allereie vore i gang med eit forprosjekt som blant anna har vore nytta til å etablere samarbeid med andre forskingsinstitusjonar rundt om i Noreg som óg er langt framme i forskinga på klimatilpassing. I Sogn og Fjordane er det allereie eit etablert samarbeid mellom kommunar, fylkeskommune, Fylkesmannen, NVE og andre statlege verksemder som har ansvar for å tilpasse sine samfunnsområde til klimaendringar. I tillegg til FoU-partnarar og offentlege etatar, inviterer vi fleire frå næringslivet sterkare med på laget i det nye kunnskapssenteret. I senteret vil aktivitetane vere både forsking, undervisning og anna formidlingsaktivitet.

Behov for ytterlegare finansiering

Fagmiljøet i Sogndal ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet har gjennomført ei rekke nasjonale og internasjonale forskingsaktivitetar på området klimatilpassing, i tillegg til forskings- og utviklingsoppdrag for lokale, regionale og nasjonale offentlege og private oppdragsgjevarar. Med løyvinga frå Fylkestinget som no er på plass blir det mogleg å å tilsetje fleire forskarar og å setje i gang nye aktivitetar i senteret. Men, medan løyvinga frå fylkeskommunen bidreg til at senteret kan etablerast, vil det være naudsynt med nasjonal finansiering for å vidareføre drifta. Området klimatilpassing fell under ei høgt prioritert samfunnsutfordring, og vi er glade for den nylege løyvinga til realisering, og optimistiske til løyvingar over statsbudsjettet for vidare drift av eit FoU-senter for klimatilpassing i Sogn og Fjordane.

  – Ved Vestlandsforsking er det allereie forskarar med kompetanse på klimatilpassing som har produsert kunnskap om dette over fleire år, seier direktør Merete Lunde. – Vi ser at det vil bli auka etterspurnad etter denne kompetansen framover, og derfor ønskjer me å bygge fagmiljøet enda sterkare med fleire forskarar for å ha moglegheit til å auke samarbeidet og samhandlinga med eksterne partnarar som kan ta kunnskapen i bruk, seier Lunde. Her er det er mogleg for eit forskingsmiljø i Sogn og Fjordane å ta ein nasjonal posisjon, og det har me ambisjonar om, avsluttar ho.