Nytt nordisk nettverk om opplevingsbasert forsking

21. -22. juni i år vart det halde eit vellukka seminar om opplevingsbasert forsking. 25 forskarar frå 5 nordiske land møttest, Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking var blant deltakarane.

Gode diskusjonar og stor interesse førte til etableringa av eit styre som skal arbeide vidare med utviklinga av det nordisk nettverket. Initiativtakarane til seminaret var professor Jon Sundby (Universitet i Roskilde og Nord universitet/Nordlandsforsking), professor Lena Mossberg (Universitet i Gøteborg og Nord universitet), førsteamanunsis Dorthe Eide (Nord universitet) og seniorforskar Einar Lier Madsen (Nordlandsforsking). Les meir her om innhaldet og deltakarane her.