Ny artikkel: Strategies in Norwegian Farm Tourism Product Development, Challenges, and Solutions
Norsk gardsturisme har i løpet av dei siste tiåra utvikla seg til å tilby heilskapleg turistprodukt som består av kvalitetsprodukta overnatting, god mat og drikke, personleg nærvær og historieforteljingar frå vertskapet.
Gardsturismeproduktet er profesjonalisert, samtidig som bøndene har vidareført det ekte og genuine gjennom vertskapsrolla, som er ein sentral del av gardsturismeproduktet. Utfordringa oppstår når etterspurnaden aukar og gardsturismen krev meir tid og arbeid. Då aukar presset på vertskapet som opplever at dei må gå på akkord med familielivet eller arbeidet på garden. Løysinga for mange vert å halde gardsturismen på eit småskala-nivå og omsynet til familien og gardsbruket vinn.
Dette er eitt av hovudfunna i forskingsprosjektet «Second Generation Rural Tourism» som vert oppsummert i ein ny artikkel i tidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism. Studien er gjennomført av Agnes Brudvik Engeset, Vestlandsforsking og Reidun Heggem, Norsk Senter for Bygdeforskning. Arbeidet også ein del av doktorgradsarbeidet til Engeset, «Second Generation Rural Tourism»
Artikkelen:
Strategies in Norwegian Farm Tourism Product Development, Challenges, and Solutions