Forskarstilling i storslagen natur?

Ynskjer du å kombinera ein interessant jobb i eit spennande miljø, storslagen natur og uendelege mulegheiter for friluftsliv både sommar og vinter? Då kan dette vere noko for deg.

Vestlandsforsking er i vekst og har behov for tre nye forskarar:

FORSKARSTILLING REGIONAL UTVIKLING OG INNOVASJON
Vestlandsforsking søkjer deg som vil arbeide med oppdragsforsking knytt til områda regional utvikling og innovasjon med IKT som muleggjerande teknologi.
Du vil bidra til å utvikle kunnskap om regional utvikling og innovasjon, lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem og vilkår for kunnskapsbasert utvikling. Vi arbeider tverrfagleg og ønskjer å inkludere faglege perspektiv frå fleire disiplinar. Forskarane deltek i regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt.
Vi søkjer etter ein person med bakgrunn innan informasjonsteknologi med særleg vekt på regional utvikling, innovasjon og teknologileiing.

FORSKARSTILLING REISELIV

Vestlandsforsking søkjer etter ein forskar med interesse for og kunnskap om reiselivsnæringa og reiselivsutvikling.

Du vil vere med å vidareutvikle det etablerte forskingsmiljøet på reiseliv gjennom å arbeide i eitt eller fleire større forskingsprosjekt. Forskinga vil vere knytt til tema innovasjon, lønsemd og lokal verdiskaping, berekraftig reiseliv og informasjonsteknologi, og vil vere retta inn mot og ha relevans for både reiselivsnæringa og for politikkutvikling.

Vi søkjer etter ein person med bakgrunn innan økonomi, organisasjon og strategi eller teknologileiing.

FORSKARSTILLING KLIMA
Vestlandsforsking søker deg som vil arbeide med oppdragsforsking innan klimapolitikk og berekraftig utvikling, der både klimatilpassing og utsleppsreduksjon vil vere aktuelle innrettingar. Du vil inngå i og bvere med å utvikle eit etablert samfunnsvitskapleg forskingsmiljø innan klimasårbarheit og klimatilpassing.

Vi søkjer etter eit person med bakgrunn innan naturfag eller samfunnsfag.  Det er ein fordel om du har arbeidserfaring innan planlegging eller miljøforvaltning i offentleg eller privat verksemd.

For alle stillingane:
Vestlandsforsking har eit fagmiljø på klimasårbarheit, eit fagmiljø på reiselivsforsking og eit fagmiljø på IT og regional innovasjon der vi ønskjer å utvikle kunnskap i grensesnittet mellom dei tre områda. Vi arbeider tverrfagleg og ønskjer å inkludere faglege perspektiv frå fleire disiplinar. Forskarane deltek i regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt, og stillingane vil difor innebere ein del reising.

Vi søkjer fortrinnsvis medarbeidarar med erfaring frå oppdragsforsking og med utdanning på doktorgradsnivå, men også hovudfag/mastergradsnivå vil bli vurdert. Du må vere initiativrik, sjølvstendig og må trivast med å arbeide oppdragsbasert og i grupper. Ved tilsetjing blir det lagt vekt på formell kompetanse, dokumentert forskingsinnsats og utgreiingsarbeid innan relevante fagområde og personlege eigenskapar. Som forskar må du vidare ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk.

Vestlandsforsking kan tilby ein utfordrande jobb, gode samarbeidsnettverk, god kontakt med oppdragsgjevarar og fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vi har som mål å gi dei tilsette gode vilkår for vidare fagleg og personleg utvikling. Vi kan tilby gode kontorlokale, triveleg arbeidsmiljø og samarbeid med ein velkvalifisert forskarstab i det nye Fosshaugane Campus. Du får stor fridom til å arbeide med det som interesserer deg mest, så sant finansiering er på plass.
Lønn etter avtale. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande reglar ved Vestlandsforsking, m.a. tenestepensjon i KLP. Arbeidsstaden er Vestlandsforsking i Sogndal.


Meir informasjon får du hos:

Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, (regional utvikling, reiseliv) tlf 90828418, ipg@vestforsk.no
Forskingsleiar Carlo Aall, (klima), tlf. 99127222, caa@vestforsk.no
Direktør Agnes Landstad, tlf 91546610, ala@vestforsk.no


Søknad med CV skal sendast elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist er 18. april 2013

Stiftinga Vestlandsforsking er eit oppdragsforskingsinstitutt som utfører forskingsoppdrag for offentleg forvaltning og næringsliv både nasjonalt og regionalt, for Norges Forskningsråd og innanfor EU sine programsatsingar.Vi er i dag 27 medarbeidarar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan informasjonsteknologi (IKT), regional utvikling og innovasjon, reiseliv, energi, miljø og klima. Vi held til i Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. På Campus er vi lokalisert i eit aktivt og internasjonalt forskings-, utdannings-, idretts- og bedriftsmiljø med over 500 tilsette og eit aktivt studentmiljø, m.a ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogn er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter. Sogndal vart i 2011 kåra til Norges beste UTE-stad.

Sjå også denne filmsnutten på youtube