Rapport om Semantisk Markup

Semantisk markup (semantisk koding) betyr å tilføra utvida informasjon til HTML-koden slik at maskiner kan bli i stand til å tolka den. Den utvida informasjonen er metadata.

Vestlandsforsking har nyleg utarbeida ein rapport for NCE Tourism der vi gir ein oversikt over alternative metodar for å leggja til semantisk informasjon i HTML-koden for nettsider. Arbeidet gjekk også ut på å føreslå korleis semantisk tilleggsinformasjon kan inkluderast i reiselivsportalane samla på FjordNett-plattforma. FjordNett er FjordNorge sin plattform for dei regionale reiselivsplattformane (www.fjordnorway.com, www.sognefjord.no m.fl.).

Reiselivs-nettsider har underliggjande strukturar og viktige data som kontaktinfo, arrangements-info, beskrivande tekst til foto og mykje meir. Desse data er presenterte på ein måte som er lett å forstå for folk, men vanskeleg å tolka for maskiner. Ved å leggja til metadata på ein standardisert måte, opnar vi for at maskinene kan kategorisera og behandla informasjonen automatisk slik at det blir tilført ein meirverdi og opna for utvida bruk. Dette skjer utan å redusera opplevinga for folk; den ekstra informasjonen er berre synleg i koden bak nettsidene. Ein viktig fordel med semantisk tilleggsinformasjon er at søkemotorane får meir å tyggja på og kan presentera tilleggsinformasjon i søketreffa. Det vil også auka relevansen til nettsider som tek slik teknologi i bruk.

Rapporten peiker på dei mest aktuelle metodane for å leggja til semantisk informasjon og vurderer sterke og svake sider. Den tek også opp spørsmålet om korleis dette kan innarbeidast i dagens FjordNett-plattform.