Klimatilpassing på beredskapskonferanse

Vestlandsforsking heldt ein eigen parallellsesjon om klimatilpassing på den nasjonale konferansen om samfunnssikkerheit 3. januar 2011.

"Samfunnssikkerhet og nye trusselbilder" er ein årleg konferanse arrangert av Universitetet i Stavanger, Fylkesmannen i Rogaland, Forsvarets operative hovedkvarter, Rogaland politidistrikt og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Parallellsesjonen Vestlandsforsking arrangerte, bestod av tre presentasjonar:

Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef og sekretariatsmedlem i NOU Klimatilpassing: Klimautfordringar for samfunnstryggleiken. Konklusjonar og tilrådingar frå Klimatilpassingsutvalet.
Kyrre Groven: Ekstremvêr og klimaendringar. Skadeforebygging og klimatilpassing i Bergen, Malmö og Rotterdam.
Idun A. Husabø: Lærer vi av ekstremvêrhendingar? Resultat frå ei intervjuundersøking av  fylkesberedskapssjefane.

Groven og Husabø sine innlegg har utspring i forskingsprosjektet Civilclim.

Om lag åtti av deltakarane på konferansen valde å delta på denne sesjonen. Carlo Aall innleidde parallellsesjonen med eit plenumsinnlegg om klimatilpassing, Tilpassing til klimaendringer: den nye store utfordringen for beredskaps-Norge?