IT-fylkesmannen

Fylkesmann Oddvar J. Flæte er takka av etter 17 år i embetet og med mange godord på vegen ut av fylkesmannsdøra. Enkelte har vore inne på innsatsen han har gjort på IT-området, men det fortener ein breiare omtale. Flæte har vore den viktigaste drivkrafta i det som no blir kalla IT-fylket Sogn og Fjordane.

Vestlandsforsking har særlege føresetnader for å skriva ein slik omtale, då it-forskinga ved instituttet har hatt eit nært og godt samarbeid med Fylkesmannen heilt sidan starten.

 

IT-forum Sogn og Fjordane
Det starta i 1995 med etableringa av IT-forum Sogn og Fjordane. Saman med mellom andre dåverande direktør ved Vestlandsforsking, Jan Per Styve, vart det sett av midlar til ei utgreiing om behovet og ei muleg organisering av eit framtidig IT-samarbeid i fylket. Vestlandsforsking var ansvarlege for utgreiinga og konklusjonane vart raskt følgde opp med etablering av IT-forum Sogn og Fjordane og portalen FjordInfo.no, med Flæte som leiar.

Etableringa var eit varsel om arbeidsstilen til den nye fylkesmannen; her var det handling framfor ord. Det var kort veg frå utgreiing og konklusjon til iverksetjing. Og Flæte var veldig klar på at styret i IT-forum til ei kvar tid måtte ha personar med avgjerdsmakt. Avgjerder skulle i størst muleg grad takast der og då, og ikkje etter endelause diskusjonar i moder-organisasjonane. Dette saman med ein fleksibel struktur der arbeidsgrupper/nettverk vart oppretta og avvikla etter behov, la grunnlaget for suksessen til IT-forum. Vi vart det første fylket som organiserte eit brukarretta IT-samarbeid, og vi er framleis i fremste rekkje på dette området.

Norge.no
Ikkje lenge etter etableringa av IT-forum Sogn og Fjordane kom spørsmålet om etablering og lokalisering av den offentlege portalen Norge.no på bana. Utgreiinga ”Inngang Norge”, la opp til ei fin arbeidsdeling mellom det som den gongen heitte Statens informasjonsteneste og Statskonsult. Det var ikkje tvil om at Norge.no måtte etablerast i Oslo, i ein av desse organisasjonane (som seinare vart slegne saman). Men den brysomme fylkesmannen i Sogn og Fjordane ville det annleis og etter god lobbying og gjennom eit godt samarbeid med Vestlandsforsking, gjorde regjeringa Bondevik det klart at Norge.no skulle etablerast på Leikanger og under administrasjon av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Norge.no starta med 3 personar 24. januar 2000 og talde over 30 då dei i 2007 vart ein del av det nye Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I dag har Difi-avdelinga på Leikanger om lag 80 tilsette.

Internasjonale prosjekt
Fylkesmannen og Vestlandsforsking starta samstundes med etableringa av IT-forum eit samarbeid om deltaking i internasjonale prosjekt innanfor ei rekkje EU-program. Dei to organisasjonane fann ei effektiv oppgåvedeling og fungerte som attraktive partnarar for internasjonale konsortium. God styring og god kvalitet på levert arbeid, var stikkorda for Sogn og Fjordane. Ofte var også Fylkeskommunen med på prosjekta.

På hogget
Under Oddvar Flæte si tid som Fylkesmann har embetet endra karakter kraftig. Noko av det speglar sjølvsagt endringar i samfunnet generelt, men mykje skuldast også Flæte sjølv. Han har heile tida vore på hogget og søkt mulegheiter, ikkje avgrensingar. For han har det vore viktig å prøva ut, ikkje komma etter og kontrollera om alt fungerer som det skal.

Det var difor heilt naturleg at Fylkesmannen i  Sogn og Fjordane starta ein av dei første embetsbloggane her til lands. Fylkesmanns-bloggen vart sett i gang som eit prøveprosjekt i september 2009 og har etter grundig evaluering vorte vidareført fordi erfaringane viste at dei positive sidene langt overskugga dei problematiske.

God organisering og nært samarbeid
Det er ingen tvil om at Sogn og Fjordane har klart å få mykje ut av lite på IT-sida. Dersom vi tel verksemder og hovud, er vi ikkje mange. Men når vi slår oss saman og trekkjer i same retning, kan vi oppnå resultat av heilt andre dimensjonar.

Grunnlaget vart lagt med organiseringa av IT-forum Sogn og Fjordane. Det har vore fundamentet i mykje av IT-samarbeidet i fylket i 16 år. Det er eit solid fundament, men det må også fornyast. Her har den nye fylkesmannen Anne Karin Hamre ei rolle å spela, og heldigvis har ho god kjennskap til dette gjennom mange års aktiv innsats i IT-forum.