Internasjonal konferanse om Web Intelligens i Sogndal 25.-27.mai 2011

Vestlandsforsking i Sogndal er vert for den første internasjonale konferansen om
Web Intelligence, Mining and Semantics (WIMS'11) på Quality Hotel Sogndal
25.-27. mai 2011.

Internett har vore i vanleg bruk i meir enn ti år, og tida er inne for å gjere opp status for nytteverdi og samfunnskonsekvensar og korleis  internett kan takast i bruk på nye område. WIMS'11 er arenaen for diskusjon om web utvikling og standardisering av tilknytta teknologiar. Her vil alle aspekt ved webben og korleis integrere webteknologi på nye måtar bli diskutert. Bruksområda for webben er uante og vi vil diskutere korleis nå ut til raskt veksande fellesskap av menneske som må forholde seg til den enten som utviklarar eller brukarar.

Professor Jim Hendler er ein av grunnleggarane av Web-teknologien. For 10 år sidan skreiv han artikkelen om internett som nærmast har fått kultstatus. Jim Hendler er hovudinnleiar på WIMS’11 og vil gi ei oversikt over utviklinga det siste 10-året – gjekk spådommane i oppfylling? - og trekke opp forventningane til det neste 10-året – kva retning går vi i?

WIMS’11 er ein internasjonal konferanse der 100 forskarar frå 26 land og 5 kontinent har sett seg stemne i Sogndal i 3 dagar. Gjennom 5 hovedforedrag, 44 forskeforedrag,  workshops og plenumsdiskusjonar skal ein diskutere korleis framtidas internett vil sjå ut? Kva skal vere retninga på forskinga framover og ikkje minst  – korleis gjere nettet ein tryggare og betre stad å vere for oss alle? Det aller nyaste nye innan internett vil bli presentert i seminaret ”Breaking News”.

For meir om WIMS’11: http://wims.vestforsk.no/