Kunnskap kryssar grenser

Kunnskap kryssar grenser er eit prosjekt sett i gang av Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og utført i tett samarbeid med IT-forum Sogn og Fj. Vestlandsforsking deltek i arbeidsgruppa for prosjektet og har utført både kartleggingsarbeid og overføring av diverse arrangement via nettet.

Føremålet til prosjektet er å ta i bruk nettet i større grad til overføring av diverse arrangement som elles ville vore vanskeleg å delta på for dei som bur langt unna. Det er særleg diverse gratisseminar (frukostmøte, foredrag o.l.) der det er vanskeleg å forsvara reisekostnader og bruk av arbeidstid. Gevinstane av ei slik nettmobilisering er både sparte kostnader og betring av miljøet, i tillegg til auka tilgang til kunnskap. Tilgangen til kunnskap skal ikkje berre gå frå sentrum (Oslo) til distrikta, men like gjerne andre vegen. Av den grunn blir innsatsen retta både mot sentrale aktørar i Oslo-området og diverse arrangement i Sogn og Fjordane.

Den kommande konferansen IT-forum 2010 vil ha "Kunnskap kryssar grenser" som hovudtittel og innhaldet på konferansen speglar innhaldet i prosjektet. Du kan lesa meir om prosjektet og kommande nett-overføringar på prosjektsidene www.kxg.no. Du kan også få informasjon om prosjektet gjennom å søkja på emneordet #kxg på Twitter.