Trainee ved Vestlandsforsking?

IKT er eit viktig forskingsområde ved Vestlandsforsking, og det tel for tida 8 personar. Vi har mange nye prosjekt og vil gjerne bli fleire.

Vi arbeider innafor mellom anna desse felta:
• Brukargrensesnitt og informasjonsarkitektur
• Semantiske teknologiar (med standardane semantisk web og emnekart)
• e-forvaltning med vekt på elektronisk samhandling (interoperabilitet)
• IKT og helse
• IKT og reiseliv
• Endringsleiing og IKT

Stillinga som trainee ved Vestlandsforsking kan gi grunnlag for ei vidare kvalifisering gjennom eit doktorgradsløp. Her er nokre eksempel på IKT-prosjekt vi arbeider med i 2009:

" Kvalitetssikring av it-løysingar for reiselivet i Sogn " – korleis kan vi bruka IKT til å betra  reiselivs¬tenestene i området?

SeSam4 - SEmi-SemAntic Models for cross-sector portals ” – hjelp til små og mellomstore bedrifter til å ta i bruk semantisk teknologi på eigne nettsider

MetaMoses - Metadata and Mobile Superdistribution Extension System ” – Utvikling av ontologi for musikk basert på automatisk uttrekk av metadata (rytme, styrke, skala osv.).

" Miside-løftet - frå nettavis til nettbank " – utvikling av indikatorsett for gode kommune¬sider, hjelp til informasjonsarkitektur og hjelp til integrasjon med tenester som Miside.


Forskingsområda miljø/klima og berekraftig reiseliv vil òg vurdera å tilsetja traineear. Desse felta er aktuelle:

• Klima og klimatilpassing
• Transport, energi og miljø
• Berekraftig reiseliv
• Industriell økologi og livsløpsanalyse

For alle stillingane er kontorplassen ved Vestlandsforsking i Sogndal. Søkjarane må ha fullført mastergrad. Søkjarar med doktorgrad er òg av interesse. Vi kan lova spennande arbeidsoppgåver i eit stort miljø ved Fosshaugane Campus i Sogndal, ei samling verksemder med til saman meir enn 500 arbeidsplassar og fleire tusen studentar og elevar. Arbeid ved Vestlandsforsking gir deg stor fridom i utforming av eigen arbeidsplass, men i eit godt samarbeid og med god hjelp frå kollegaer.

Søk Trainee Sogn og Fjordane 2009/10 her: Framtidsfylket

Kontaktperson:
Direktør Agnes Landstad
agnes.landstad.@vestforsk.no
915 46 610