"Semantics in Norway" - presentasjon for Semic.eu

Forskar Svein Ølnes var invitert til å halda ein presentasjon om status for semantisk interoperabilitet i norsk offentleg sektor. Det skjedde på møte i Semic.eu si Advisory Group i Brussel, 15.10.2009

Semic.eu er eit initiativ sett i gang av EU sitt program IDABC . IDABC arbeider med e-forvaltning innan EU og har sett i gang ei rekkje prosjekt, av desse semic.eu som ei satsing innan elektronisk samhandling. IDABC er også ansvarleg for EIF - European Interoperability Framework , eit mykje nytta og referert rammeverk for arbeidet med samhandling.

Gjennom Ressursnettverk for e-forvaltning, der Vestlandsforsking har eit hovudansvar for elektronisk samhandling, har vi knytt kontakt med EU-miljøet innan same temaet. Det er nyttig med gjensidig orientering og utveksling av erfaringar på dette krevjande området. Representantar for Semic.eu var bidragsytarar for eit seminar om elektronisk samhandling som Vestlandsforsking og Norstella arrangerte i slutten av august i år.

Møtet i Semic.eu Advisory Group var sett saman av mange små innleiingar, og det var slik sett ikkje høve til å gå djupt inn i problemstillinga, berre skrapa i overflata og gi eit par eksempel:

Semantics in Norway View more documents from sveino .