Seminar om el. samhandling: Referat og presentasjonar

Det som skulle vore live-blogging frå seminaret, vart stoppa av eit nettverk i konferanselokalet som ikkje fungerte. Her er likevel ei oppsummering av seminaret som samla rundt 70 deltakarar i dag (27. aug.).

Vestlandsforsking, gjennom Ressursnettverk for e-forvaltning, og Norstella inviterte til ope seminar om elektronisk  samhandling i offentleg sektor torsdag 27. aug. på Holbergs Terrasse konferansesenter i Oslo. Rundt 70 deltakarar på seminaret betyr at det var om lag fullsett auditorium. Dessverre fekk me ikkje til webcast eller video-opptak av seminaret; det bør etter kvart bli standard på denne typen arrangement.

Akkurat den saka blir det jobba med, mellom anna av Innovasjon Norge på Leikanger (kontakt Heather Broomfield for meir informasjon). Svein Ølnes, Vestlandsforsking, opna seminaret med å ønskja velkommen og han orienterte kort om Ressursnettverk for e-forvaltning. Det er eit Verdikt-finansiert (Forskingsrådet) nettverksprosjekt leia av førsteamanuensis Arild Jansen, avd. for forvaltningsinformatikk ved UiO, og Vestlandsforsking har eit fagleg ansvar for elektronisk samhandling i offentleg sektor - difor seminaret. 

Arild Haraldsen, Norstella, orienterte om programmet og introduserte første presentasjon.

Stephan Meyer, semic.eu
Stephan starta med å snakka om semantiske utfordringar alt på reisa. Han skulle til Oslo, men er det Oslo i Minnesota eller Oslo i Norge? På flybilletten står det 'SFX', 'OSL' og 'DY' - kva betyr det? Og kvifor kostar hotellet 850 i Norge og 130 i Brussel? Menneske skjønnar dette stort sett utan problem, for maskiner er det eit problem og dei må forteljast i detalj kva dei ulike begrepa betyr.

Teknisk interoperabilitet: Stort sett ok i dag
Semantisk interop.bil.: Må leggja same meining i begrepa skal utveksling vera muleg
Organisatorisk interop.bil.: Må vera klar over "kva", "korleis" og "når"

Semiotisk triangel: Tingen det er snakk om, begrepet me brukar om det (symbolet) og konseptet me har i hovudet

(interpretasjon).
Semantiske konfliktar:
- Syntaktiske konfliktar
 - identifikatorar
 - data-type
 - asymmetri eller manglande informasjon

- Semantiske konfliktar
 - skalering
 - representasjon
 - ulike aggregeringsnivå
 - inkompatibilitet

IDABC står bak semic.eu. IDABC vil bli avløyst av ISA etter 2009. EC-initiativ innan IDABC/ISA:

Illustrasjon av ein-til-ein samhandling og utveksling: Dersom dei 27 medl.statane i EU skal gjera det på den måten, blir det 702 kontaktlinjer. Det bør i alle fall reduserast til 27 som det endelege målet, men i praksis vil det bli færre sidan ikkje alle medl.landa treng å samhandla med alle andre på alle område, eller kanskje ikkje er klare til det.

Semic.eu vegkart:

1. Prosjekt, prosjekt, prosjekt...
2. Lansering av semic.eu
3. Metodologi
4. Bygging av samfunn (Community building)
5. Tverrsektorielle synergiar
6. Samordning av register (Federation of repositories)
7. Eitt kontaktpunkt for semantisk interoperabilitet i Europa

Presentasjon tilgjengeleg her.

Hans Solli-Sæther, BI og Semicolon: Vekstmodellar for e-forvaltning
Korleis kan to eller fleire organisasjonar "veksa" saman og få ein positiv effekt av det (organisatorisk samhandling). I Semicolon-prosjektet er det valt ut to case: Fødselsnr i samband med ein fødsel, og samhandlingsprosessar i Altinn II.

Litteraturstudiar viser at forsking på org. samhandling (interop.bil) er i ein tidleg fase. Gottschalk & Solli-Sæther (2008) fann at det var publisert 34 artiklar om temaet i perioden 2000-2008.

Modningsmodell:
Nivå 1: Samordning av arb.prosessar
Nivå 2: Kunnskapsdeling
Nivå 3: Delt verdiskaping
Nivå 4: Samordning av strategiar

I Semicolon-prosjektet blir det no gjort ei spørjeundersøking for å kartleggja modenheitsnivået i utvalde organisasjonar. Det er utvikla indikatorar for definering av modenheitsnivå.

Presentasjonen tilgjengeleg her.

Susanne Daae-Qvale: Los
370 emneord
meir enn 1500 hjelpeord ("ikkje føretrekte termar")
Navigasjonsstruktur: 15 hovudtema med 78 undertema

Meir enn 60 kommunar til no som har teke i bruk Los.

Presentasjonen tilgjengeleg her.

Ståle Rundberg, Brønnøysundreg.: Tenestedirektivet og verknader for Altinn
Tenestedirektivet vedteke i april i år og skal gjennomførast innan 28.12.2009
Krev tilpassing av tilsynsarbeid og oppretting av eit nasjonalt kontaktpunkt (Br.reg.)

Identifisering og autentisering av utanlandske tenesteytarar (elektronisk)
Føresetnader for løyve skal kunna gjerast elektronisk (eks. registrering i nødvendige register)
Det er definert i alt 96 løyver ("tillatelsesordningar")

Svært mange etatar er involverte her (m.a. alle fylkesmannsembet, alle kommunane, alle politidistrikt +++).
- har m.a. samarbeid med Bergen kommune knytt til ein "pilotpakke" for kommunale løyve (m.a. skjenkeløyve, jfr. Los-eksempelet til Susanne D-Q).
Identifisering og autentisering: Ventar m.a. på ein tverrnasjonal eID, den er ikkje klar enno.

Norsk forvaltning er heilt avhengig av dei to identifikatorane fødselsnr (personivå) og org.nr (org.nivå). Dersom utanlandske tenestetilbydarar skal kunna samhandla med oss, må det til ei samordning mot desse id-ane.

"Fødsels-"melding for verksemd: Først rekvirering av D-nummer og deretter tildeling av fødselsnr (frå persondelen) før eininga kan bli oppretta. Ulike prosessar grip altså inn i kvarandre.

Implementering av trinn 1 i Altinn informasjonsportal "Rett til informasjon".
Impl. av trinn 2 i Altinn II skjemaportal
Eit evt. trinn 3 vil dreia seg om prosessmodellering

Altinn II vil vera på teknisk interop.bil., medan SERES skal løysa semantisk interop.bil. Norge er på mange måtar i ein heldig situasjon når det gjeld dette arbeidet ved at vi har Altinn i botnen.

Presentasjonen tilgjengeleg her.

Terje Grimstad, Karde: Semicolon
Karde har prosjektleiinga på oppdrag frå DNV.

Riksrevisjonen kritisk til IT-satsing og informasjonsutveksling i helsesektoren og off. forvaltning elles i rapportar frå 2007/2008.

Semicolon skal bidra til å identifiser metodar og verktøy for å skapa betre samhandling i norsk offentleg sektor og mellom næringsliv, innbyggjarar og offentleg sektor. Semicolon sitt hovudfokus er organisatoriske og semantiske samhandlingsaspekt.

Tre område vart presenterte:

  • Halda orden i eige hus, dvs. å dokumentera eiga verksemd i form av verksemds- og informasjonsmodell med ulikt detaljeringsnivå alt etter bruksbehov. Beskrivelsen av verksemda må publiserast og gjerast kjent for andre: politikarar, andre etatar, næringsliv og publikum.
  • Behovet for ein nasjonal metadatastrategi. Det betyr at det må skapast semje om begrepsdefinisjonar på tvers av alle etatar, at det er muleg på ein enkel måte å finn desse definisjonane slik at næringsliv og borgarar ikkje blir utsette for krav om dobbeltrapportering, at tenesteutviklinga i den enkelte etaten og felles tenesteutvikling mellom ulike etatar blir enklare.
  • Behovet for målemetodar. Ut fra hypotesen om at du kan forbetra det du kan måla, etablerer Semicolon eit sett av måleindikatorar for å kunna måla ulike aspekt av samhandling.

Samling av ulike register (repository) i eitt, felles register? (litt ulike meiningar om dette hjå deltakarane) .

Presentasjonen tilgjengeleg her. 

Arild Jansen, UiO: Metadata som infrastruktur
Informasjonsinfrastruktur
NB! Ikkje som eit informasjonssystem!
Til skilnad frå eit informasjonssystem er ein infrastruktur eit (meir) varig system

Karakteristika av ein (informasjons)infrastruktur
- ope
- felles
- delast
- muleggjerande: Også dekka behov som vi ikkje veit om i dag
- standardisert: og som regel modulbasert og lagdelt
- lang levetid
- integrert del av praksis: skal merka den berre når den ikkje er der
- kan normalt ikkje konstruerast "topp-down", men "bottom-up"
- installert base er ein veldig viktig føresetnad: ein infrastruktur vil ikkje kunna byggjast på bar bakke

Forvaltningspolitikken er styrande for eforvaltnings-arbeidet og -måla. IKT-delen/eforvaltning er berre ein liten del av heilskapen.

Sentralt ved infrastrukturtenking er at alle endringar har sideeffektar; både tilsikta og utilsikta.
Rettsreglar som del av installert base. Eksempel: Me har (minst) 5 ulike definisjonar av 'sambuar', og det er fordi det er ønskjeleg! Det er ikkje verken muleg eller ønskjeleg å laga ein definisjon av 'sambuar'. Men det ville vore svært nyttig om me kunna søkja fram dei ulike definisjonane og sjå kva lovgrunnlag dei stamma frå.

Informasjonsinfrastruktur lagt til grunn for grunndata:

- ope? ja
- felles for alle? Til ein viss grad
- muleggjerande/fleksibelt? Tje
- standardisert? Ja, men kva standardar?
- heile tida under utvikling? ja ("som å skifta skinnegangen medan toga køyrer")
- integrert del av praksis/daglege arbeid og praksis? Ja

Nyttig å byggja på erfaringane med etableringa av den mest vellykka IT-infrastruktur av alle: Internett.

Presentasjonen tilgjengeleg her. 

David Norheim, Computas: SERES
SERES handlar om samhandling innan næringslivsinformasjon (men gjennom off. etatar) og opererer på fagsystem-nivå.
Los handlar om samhandling i off. sektor og opererer på portalnivå.

Må av og til svelgja kamelar ved at t.d. sentrale løysingar blir valde der distribuerte kanskje ville vera det ideelle (på lang sikt).

Byggjer no det sentrale registeret (repository) der kvar etat kan få sitt områd for å beskriva sine data.

Ordbok-klient for å definera ord og uttrykk. Skal vera desentralisert slik at etatane/kommunane sjølve kan beskriva sine uttrykk og vedlikehalda dei.

Presentasjonen tilgjengeleg her.

Lasse Udjus, Karde/Semicolon: Metadata-strategi for off. sektor
Arbeid for NHD i samband med SERES-prosjektet (er SERES-arbeidet rett veg?).

Område 0: Begrepsområde (initielt område)
Der begrepa oppstår: I rettssystemet, lovutforming.
Målet er ikkje først og fremst begrepsharmonisering, men dokumentasjon slik at det skal vera lett å sjå kva begrep som er i bruk og korleis dei er definerte (jfr. Dag WS sitt arbeid).

Område 1: Skjema- og meldingsspesifikasjonar

Område 2: Interne begreps- og informasjonsmodellar til hjelp for saksbehandlingssystem og produksjonsprosessar

Område 3: Metadata for samhandling og tilgjengeleggjering av informasjon

Trond Knutsen, Forskingsrådet (Verdikt-programmet):
Ny Verdikt-utlysing: Framtidas internett

  • sosiale nettverk
  • interenett av ting ("tingenes internett")
  • mobilt interenett

ca. 200 mill. kr
Søknadsfrist 25. nov.

Hovuddelen er forskingsprosjekt (men gjerne også bedrifter og off. verksemder som partnarar)
Brukarstyrte innovasjonsprosjekt (BIP) - enten styrt av private verksemder eller off. verksemder.
- BIP som prekommersielt innkjøp

Det blir truleg krav om skisser på ein del av søknadene.

Prosjekt med Verdikt-støtte spesielt relevant for off. sektor:
- 11 prosjekt
- totalt 90 mill. kr i prosjektomfang
- tre nye prosjekt i 2009, verdi 29 mill.

Spørsmål frå salen: Ville Semicolon hatt nokon plass i dagens utlysing?
Svaret er at det vil bli vanskeleg å få eit infrastruktur-/samhandlingsprosjekt som det til å passa inn i eitt av dei tre tematiske utlysingsområda.

Presentasjonen tilgjengeleg her. 

--- slutt ---