Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv

Nytt frå forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv

Advisory board

Prosjekt og publikasjonar VF

HSF sine relaterte nettsider:
Idrettsfag
Naturfag
Reiseliv

Kontaktpersonar hjå Vestlandsforsking:

Gruppeleiar Carlo Aall, e-post: carlo.all@vestforsk.no
Forskingskoordinator Stefan Gossling, e-post stefan.gossling@vestforsk.no
Direktør Agnes Landstad, e-post: agnes.landstad@vestforsk.no

Kontaktpersonar Høgskolen i Sogn og Fjordane:

Høgskulelektor Ståle Brandshaug (reiseliv) stale.brandshaug@hisf.no
Førsteamanuensis Leif Hauge (naturfag) leif.hauge@hisf.no

3. mai 2007 var det offisiell åpning av det nye forskingssenteret for geoturisme og reiseliv i Sogndal.  I samband med åpninga vart det arrangert eit fagleg seminar med innleiarar både frå inn- og utland.

Det er Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane som står bak etableringa.  Senteret skal styrke kunnskapen om meir aktiv bruk av natur- og kulturressursar som grunnlag for auka verdiskaping i norsk reiseliv og korleis gjere reiselivsnæringa meir berekraftig. Omgrep som økoturisme , berekraftig reiseliv , kvalitetsturisme og geoturisme vil stå sentralt i arbeidet.

Mål og kompetanseområde
Senteret skal vere eit nasjonalt og internasjonalt spisskompetansemiljø for forsking og utviklingsarbeid innan geoturisme, som handlar om å vidareutvikle eit berekraftig reiseliv med basis i natur- og kulturverdiane våre.

Målet er eit kunnskapssenter med om lag 10 forskarårsverk.
Spissområda ved senteret vil vere:
• berekraftig reiseliv
• natur- og kulturbasert opplevingsturisme
• bygdeturisme
• destinasjonsutvikling og reiselivsplanlegging - lokal medverknad
• reiselivspolitikk og næringsorganisering

Program og foredrag frå åpninga
Lenke til brosjyre om forskingssenteret