Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking sekretær for EØS-utval

Eit forskingsbasert offentleg utval skal gjere ein gjennomgang av EØS-avtalen og andre avtaler som Norge har med EU. Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte vert ein av tre sekretærar for utvalet i det to-årige utvalsarbeidet.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre har oppnemnt eit breitt samansett offentleg utval til å gjere ein brei gjennomgang av EØS-avtala og andre avtaler med EU og av konsekvensane av desse på alle samfunnsområde. Utvalet vert leia av professor Fredrik Sejersted, leiar av Senter for Europarett ved Universitetet i Oslo. Samansetjing av utvalet og mandatet for arbeidet vart presentert av Støre på ein pressekonferanse 7.januar 2010.