Set søkelys på problemspeling

tenåring spelar på mobilen

Gilda Seddighi har saman med kollegaer frå både Vestlandsforsking og NLA Høgskolen Gimlekollen forska på problemskapande bruk av dataspel hjå unge i ikkje-vestlege innvandrarfamiliar. Fleire funn overraska henne.
– Vi ser no korleis foreldre navigerer i «mørke» på leit etter informasjon og hjelp når dataspeling skapar vanskar i heimen, seier ho.

Etter ei innleiande kartlegging av dataspel-bruk generelt, er fokuset i forskinga no på spelevaner som går ut over søvn, skulearbeid eller familiens sosiale liv. Ungdomane kan også bli aggressive, særleg når foreldre prøver å setja grenser for tidsbruken. Forskinga har fokus på ikkje-vestlege innvandrarfamiliar fordi tidlegare forsking viser at desse har lågare digital kompetanse og at problemspeling er mest vanlig mellom unge menn frå slike familiar. Forskarane fann at det oftast er gutar som står for slik problemspeling, samstundes som mødrene oftast er den forelderen som vil ta grep. 
– Vi hadde generelt vanskar med å rekruttere foreldre til intervju, sidan vi ville snakke om konfliktar kring spelevaner. Det var spesielt vanskeleg å rekruttere fedre. Men mange åleinemødre kom til intervju, fortel Seddighi. 

Gilda Seddithi portrett
Gilda Seddighi

Fordomar og økonomi

Forskarane fann at foreldra sleit med å finne informasjon og støtte når dei må takle problemspeling, både på grunn av språkproblem og på grunn av tabloidiserte skremslehistoriar om til dømes barnevernet.

- Mange kan tenkje at dei blir møtt med fordomar frå norske institusjonar som barnevernet, og fryktar konsekvensane dersom dei ber om hjelp i ein situasjon dei ikkje meistrar, seier forskaren.

I tillegg kan dårleg økonomi gjera det vanskelegare for foreldra å finne alternative aktivitetar. Dette påverkar korleis spelinga blir regulert for tenåringane.

– Det finst ofte billege eller gratis fritidstilbod dei unge kan nytte for å koma seg vekk frå dataskjermen. Men så må jo barnet også ha utstyr til idrett eller friluftsliv, noko enkelte familiar ikkje har råd til, seier Seddighi.

Tryggast i heimen

Forskarane har samla data i Oslo, Bergen og Kvinesdal. Dei ser at bustad spelar ei rolle for korleis foreldre oppfattar dataspelinga i heimen. Foreldra finn ofte mange gode grunnar – eller orsakingar – til å lata tenåringen bruke mykje tid framfor datamaskina. Særleg for gutar kan dataspel vera med på å skape positive band til lokalsamfunnet, til dømes via fotballspel som FIFA, der ein deltar på eigne lokale lag og spelar saman. Men i Oslo-området fann forskarane også eit anna viktig moment: – Mødrene fryktar at ungdomane deira kan bli del av negative gatemiljø, med kriminalitet og rusmidlar. Då kjennest det jo tryggare å ha dei heime på guterommet framfor PC-en, seier Seddighi.

Samarbeid

Prosjektet har fått 500.000 kroner frå Medietilsynet/RAM og Nasjonalt kompetansesenter for Spillforsk for å kartlegge behovet og utvikle konkrete tiltak, i samarbeid med aktuelle aktørar. I dette prosjektet samarbeider forskarane med frivillige organisasjonar som MIR (Multikulturelt Initiativ og Ressursnettverk i Oslo), DFIRH (Det Felles Innvandrerråd i Hordaland), og NOMKUS (Norges Multikulturelle Senter i Kristiansand). Gjennom desse organisasjonane har forskarane rekruttert foreldre som vil fortelje om sine behov, med mål om å finne tiltak for å førebyggje problemspeling.