Velferdsteknologi i klar vekst i Sogn og Fjordane

""
Frå venstre: Jan Olav Larsen, EKS; Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane; Hilde G. Corneliussen og Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking og IT-forum

Ei undersøking som samanliknar status for velferdsteknologi i Sogn og Fjordane i 2014 og mot slutten av 2017 viser at kommunane no har kome mykje lenger i å ta i bruk velferdsteknologi.

Kommunane har samarbeidd gjennom det fylkesomfemnande nettverket IT-forum Sogn og Fjordane, som etter kvart fått namnet "Fylkesprosjektet velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane". Dette breie samarbeidet har utløyst både regionale og nasjonale satsingar som no viser konkrete resultat.

Det heile starta i 2014 med etablering av den fylkesomfemnande arbeidsgruppa, oppbygging av kunnskap og mobilisering av kommunar. På den tida låg Sogn og Fjordane etter andre deler av landet. I 2015 testa ei gruppe kommunar konkrete teknologiar, og i 2016 var det særleg fokus på kva gevinstar kommunane får av å ta i bruk velferdsteknologi, med kurs i blant anna gevinstrealising.

Sjølv når berre litt teknologi har vorte teke i bruk ser vi konkrete gevinstar – særleg i kommunar som har lange køyreavstandar mellom brukarane.

I 2017 og våren 2018 var det særleg vekt på å tilpasse til særlege råmer som gjeld her i fylket, t.d. utvikling og testing av samarbeidet med det felles regionale responssenteret, Alarmsentralen i Florø. Det vart også gjennomført ei undersøking for å kartlegge kor langt kommunane no hadde kome i arbeidet med velferdsteknologi. Biletet har forandra seg mykje i Sogn og Fjordane sidan ei tilsvarande undersøking vart gjort i 2014.

  • Medan veldig få kommunar hadde eigen aktivitet knytt til velferdsteknologi i 2014, er det fleirtalet som har slik aktivitet i Det er likevel ikkje alle kommunane som er heilt der dei skal enno, og arbeidet no har som mål å hjelpe etternølarane på veg, seier forskar Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking.
  • Ein av effektane av det gode og breie samarbeidet i fylket er at ei gruppe på ni kommunar frå fylket klarte å kvalifisere seg til deltaking i det nasjonale Nokre av desse kommunane har kome langt i arbeidet, og desse kommunane er viktige spydspissar i arbeidet i fylket, seier Marta Strandos, leiar i Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane og arbeidsgruppa i IT-forum.

Dette breie samarbeidet har hatt økonomisk støtte frå Fylkemannen i Sogn og Fjordane i tillegg til at kommunane har gått inn med eigne midlar.

  • Velferdsteknologi er eit viktig satsingsområde for IT-forum. Det har høg prioritet i kommunane i Dei kan ikkje løyse stadig aukande behov for pleie- og omsorgstenester utan å ta i bruk ny teknologi, og dei vil gjerne vere ein del av eit breitt og godt fagleg nettverk, seier leiar av IT-forum Sogn og Fjordane, Anne Mette Hjelle.

Du kan sjå ei samanlikning av undersøkingane frå 2014 og 2017 og lese meir om fase 4 av prosjektet i den nyleg publiserte rapporten:

"Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane -spreiing og implementering", av Marit Haugan Hove og Hilde G. Corneliussen, forskarar ved Vestlandsforsking

Kontaktpersonar:

Hilde G. Corneliussen
Forskar ved Vestlandsforsking,  hgc@vestforsk.no
Tlf: 479 00 814

Marta Strandos
Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane  Marta.Strandos@forde.kommune.no
Tlf: 576 12 654

Anne Mette Hjelle
Leiar IT-forum Sogn og Fjordane  amh@lottstift.no
Tlf: 992 84 302