Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane - fase 4

Prosjektet har som hovudmål å vidareføre arbeidet med kunnskaps- og erfaringsgrunnlag for planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenesta i alle kommunane i Sogn og Fjordane, og starte spreiing steg for steg.

Hovudarbeidet i fase 4 er å auke spreiing og systematisk implementering av dei løysingane vi har gode erfaringar med i fylket. Vi skal bygge vidare på nasjonale tilrådingar, samtidig som konkrete løysingar må basere seg på kunnskap og erfaring frå Sogn og Fjordane om regionale føresetnader som pregar kommunane i fylket. Fase 4 skal dermed vidareutvikle og utarbeide konkrete tilrådingar som vil bli spreidd til alle kommunane i fylket.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6469
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):