Styret si melding 2023

Høg aktivitet og satsing på kompetanse i 2023

Vestlandsforsking har i 2023 hatt god og jamn aktivitet på alle dei tre faglege hovudområda Klima og miljø, Reiseliv og Teknologi og samfunn. Instituttet har vore koordinator for fleire store forskingsrådsprosjekt. Hausten 2023 fekk Vestlandsforsking tildelt rolla som koordinator for eit nytt, stort prosjekt frå Forskingsrådet, Just Transform, som handlar om korleis grøn og digital omstilling kan skje på ein måte som utjamnar, snarare enn å forsterke, ulikskap i samfunnet. I prosjektet samarbeider forskarar på tvers av begge forskingsgruppene til Vestlandsforsking, og styret tykkjer det er positivt at det tverrfaglege forskingssamarbeidet ved instituttet er i stadig utvikling.

Sidan fleire av dei store nasjonale og internasjonale prosjekta ved Vestlandsforsking nærmar seg avslutning, er styret oppteke av at Vestlandsforsking klarer å setje av tilstrekkeleg med ressursar til å drive prosjektutvikling og søknadsarbeid.

Styret legg stor vekt på høve til kompetanseutvikling for dei tilsette ved Vestlandsforsking, og er nøgd med at instituttet har gjennomført fleire kurs for å styrke arbeidet med prosjektleiing og -administrasjon, søknadsskriving og kurs i populærvitskapleg formidling. Det har vore ein god aktivitet ved instituttet både når det gjeld vitskapleg publisering og i å formidle frå forskinga til ålmenta, gjennom kronikkar, bidrag til redaksjonelle artiklar i media og med innlegg ved ulike arrangement.

Styret fekk i 2023 ei orientering om Vestlandsforsking sitt arbeid med forskingsetikk. Styret har òg fått fleire orienteringar om pågåande forskingsprosjekt ved instituttet i styremøta og på den årlege strategisamlinga om hausten, der dei tilsette deltek saman med styret. Styret set stor pris på denne kontakten og høvet til å bli betre kjend med forskingsaktiviteten ved instituttet.

Styret er godt nøgd med den generelle drifta. Instituttet har eit godt arbeidsmiljø og god og stabil kompetanse, og det har vore ein gledeleg nedgang i sjukefråværet frå 4,8 prosent i 2022 til 3,9 prosent i 2023. Høge og uføreseielege pensjonsutgifter er ei utfordring for instituttet sin økonomi, og styret ser fram til at Vestlandsforsking får gjennomført ei vurdering av dagens og alternative pensjonsordningar i 2024.