Søk jobb på Vestlandsforsking

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan ein forskarjobb på Vestlandsforsking vera noko for deg.

Ledig stilling:

Vikariat som økonomirådgjevar i Vestlandsforsking

Gruppebilete med styret
Tilsette og styret i Vestlandsforsking

Vår økonomirådgjevar skal ut i fødselspermisjon, og me lyser difor ut vikariat for tilsetjing snarast. Vikariatet blir på 50 % fram til 15. april 2020, og deretter 100 % fram til 15. april 2021.

Økonomirådgjevaren har ansvar for rekneskap, budsjettarbeid, rapportering og analysar, og har ein viktig støtte- og kontrollfunksjon for prosjektarbeidet ved instituttet ved å følge opp økonomien i forskingsprosjekta. Økonomirådgjevar samarbeider tett med personalrådgjevar, og ved behov må ein rekne med å bistå kvarandre med dei administrative oppgåvene.

Andre oppgåver er å støtte forskarane i søknadsarbeid, prosjektkoordinering og kontraktar, samt rådgjeving til leiinga. Instituttet deltek i regionale, nasjonale og internasjonalt finansierte prosjekt som har ulike krevjande økonomi- og rapporteringsordningar.

Du må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi og administrasjon.
  • Gode analytiske evner og god rekneskapsforståing.
  • Gode ferdigheiter i og erfaring med bruk av digitale administrasjons- og økonomisystem.
  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk.
  • Gode språk og skriveferdigheiter på norsk og engelsk.

I tillegg vil vi legge vekt på:

  • Erfaring frå økonomi-, budsjett- og rekneskapsarbeid med gode dokumenterbare resultat frå tidlegare arbeidsforhold.
  • Erfaring med eksternt finansiert aktivitet, både nasjonale og internasjonale prosjekt.

For å lukkast i stillingane må du ha evne til å arbeide nøyaktig, strukturert og sjølvstendig. Vi søkjer deg som er fleksibel, løysingsorientert, serviceinnstilt, kontaktskapande og har evne til å etablere gode relasjonar og arbeide i team. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Du må kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag med fleire ulike saker. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillingane vil bli vektlagt. Det vil bli gitt opplæring i interne system i oppstartsfasen.

Vi tilbyr:

Interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar. Økonomirådgjevar rapporterer til direktør. Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV til post@vestforsk.no. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til Vestlandsforsking, postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist 4. februar 2020

For meir informasjon kontakt:

Direktør Anders-Johan Almås, tlf. 95 70 99 03, e-post: aja@vestforsk.no.


Open søknad

Vestlandsforsking har mange prosjekt på gong og søkjer stadig etter nye dyktige forskarar. Har du interesse og bakgrunn frå våre fagområde, send gjerne ein open søknad med CV til post@vestforsk.no.

Om du ønskjer karriere i Vestland, rår vi deg til å ta ein kik på trainee-ordninga til Framtidsfylket.


Om forskargjerninga på Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt som utfører forskingsoppdrag innan klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Dei tilsette har stort ansvar for sine fagfelt, og får høve til å drive aktivt forskingsarbeid frå dag éin.

I forskingsoppdraga er det variasjon i både tema og mål, og det er variasjonar i kven som er oppdragsgjevar eller samarbeidspartnar og kor lenge prosjekta varer. Arbeid som spenner frå internasjonale konferansar til rapportskriving og datainnsamling gjer Vestlandsforsking til ein dynamisk og givande arbeidsplass.

I Sogndal er det kort avstand til flotte fjell, snø og fine fjordarmar som mange nyttar til fotturar, skikøyring, klatring, padling, sykling og anna friluftsliv. Det er eit godt og variert kulturtilbod i bygda. Studentane ved høgskulen sett sitt preg på staden store delar av året. Det er eit mangfaldig næringsliv og fleire offentlege etatar i Sogndal og bygdene rundt, noko som gjer Sogn til ein attraktiv stad å bu og arbeide i. Vestlandsforsking held til på Fosshaugane Campus i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap.