Nye lokale forvaltningsregimer i arbeidet for et bærekraftig reiseliv

Rapport
Id:
1999-8

 

 

Rapporten gjev ein gjennomgang av internasjonale – i hovudsak europeiske – erfaringar med å integrere reiseliv i lokale og regionale Agenda21-prosessar. Hovudkonklusjonen er at reiseliv så langt er eit lite prioritert Agenda 21-arbeid lokalt og regionalt. FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) og den internasjonale samanslutninga av lokale miljøinitiativ (ICLEI) konkluderte i samband med ei FN-konferanse om berekraftig reiseliv å starte forsøksverksemd med integrering av reiseliv i LA21-prosessar. Sjølv om erfaringane så langt er sparsame internasjonalt, kan LA21 utvikle seg til eit nytt regime for handtering av berekraftutfordringane knytt til reiselivet. Dette inneber i tilfellet at kommunar i større grad må engasjere seg i høve reiselivet sine miljøproblem, både dei problema knytt til det lokale reiselivet og konsekvensar innbyggjarane sine reiser ut av lokalsamfunnet.