Prosjektaktivitet 2023

Prosjektaktiviteten har også i 2023 vore stor. Her kan du lese om høgdepunkta frå gruppene i året som gjekk.

Klima- og miljøgruppa

Karen disputerer
Karen Richardsen Moberg disputerte for doktorgraden ved NMBU 15. desember 2023. Foto: Kyrre Groven

2023 har vore prega av fleire høgdepunkt, inkludert ein ph.d.-disputas innan kommunal arealforvaltning, tilslag på nye prosjekt, og tilsetting av to nye medarbeidarar. Karen Richardsen Moberg forsvarte doktorgraden sin 15. desember med avhandlinga «Bærekraftig kommunal arealbruksstyring: Tenke det, ønske det, ville det – men gjøre det?» ved NMBU. Avhandlinga utforskar og utfordrar eksisterande praksisar og tenkjemåtar innanfor kommunal arealforvaltning. Doktorgradsarbeidet hennar fokuserer på styringsprosessar for arealbruk i kommunane Sogndal, Horten, Trondheim og Malvik. Hovudtemaet i forskinga er korleis ulike drivkrefter, prosessar og endringar har påverka miljømessig berekraft i og rundt tettstadene i desse kommunane. Dette arbeidet var ein del av forskingsprosjektet “Vilkår for berekraftig tettstadutvikling” (Surround). Moberg si avhandling har bidratt til å fremje ny innsikt om berekraftig arealforvaltning. 

I 2023 fekk vi også tilslag på eit prosjekt frå Vestland fylkeskommune. Dette prosjektet, som handlar om berekraftig sirkulærøkonomi, vil vidareutvikle eksisterande forskingsbaserte verktøy og metodar for å vurdere berekraft i prosjekt som handlar om sirkulær økonomi. Det vil også fremje eit tettare samarbeid mellom FoU og næringsliv innan sirkulær økonomi i Vestland. Skal vi lykkast med omstillinga mot grønare verdikjeder, er det avgjerande å nytte kompetansen i FoU-miljøet i Vestland til å vere med på løyse næringslivet sine kunnskapsbehov. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Mohn-senteret ved HVL, Høyanger Næringsutvikling, HUB for Ocean, NCMT. Norce og Vestland fylkeskommune er også bidragsytarar i prosjektet. 

Bilete av tre personer
Tre av forskarane våre i Intergate Nbs. Foto: Idun A. Husabø

Vestlandsforsking  koordinerte og leia søknadsarbeidet for eit europeisk samarbeidsprosjekt. Prosjektet har tittelen «Fulfilling the Transformative Potential of Nature-Based Solutions: From Fragmentation to Integration», forkorta til IntegrateNbS – Integrerte naturbaserte løysingar. Prosjektet vil utvikle ein metode knytt til bruken av naturbaserte løysningar for å auke sosial rettferd og fellesskap i seks byar i Noreg, Sverige, Polen og Spania. Sogndal kommune er deltakar, og utforminga av framtida til ski- og hytteområdet Hodlekve er tema i prosjektet. Prosjektet bidrar til å styrke instituttet sin profil innan samfunnsvitskapleg forsking om klimatilpassing.

 

Teknologi og samfunn

Viktige organisatoriske hendingar i forskingsgruppa i 2023 var oppstart for ph.d-kandidat innan kunstig intelligens og stordata i Teknoløftprosjektet, rekruttering av to nye forskarar, ein seniorforskar med ph.d. innan teknologi, inkludering og samfunn og ein forskar i stordata-analyse i Socyti-prosjektet

Hilde G. Corneliussen
Kjønnsperspektivet på den grøne og digitale omstillinga er særleg viktig for Hilde G. Corneliussen - her med den nye fagboka si om kvinner sin veg inn i teknologiutdanning og -yrke. Foto: Idun A. Husabø

Av faglege hendingar vil vi særleg trekkje fram at leiande seniorforskar Hilde G. Corneliussen ga ut fagboka «Reconstructions of Gender and Information Technology: Women doing IT for themselves». Boka er eit resultat av mange års forsking på kjønn, mangfald og teknologi, og det nordiske paradokset om at IT-bransjen ikkje har klart å jamne ut kjønnsforskjellane sine, i eit elles nokså likestilt samfunn.

Vårt gode forskingsarbeid innan kjønn, mangfald og teknologi resulterte også i at vi fekk innvilga eit nytt stort prosjekt frå Forskingsrådet, JustTransform, med 10 mill. kr til Vestlandsforsking. Dette er eit tverrfagleg forskingsprosjekt som m.a. skal sjå på inkludering, mangfald og rettferd i møtet mellom det grøne skiftet og den digitale omstillinga i Vestland. Prosjektet vil styrke forskinga vår både innan kjønn, mangfald og teknologi og klimaomstilling og utviklar slik også det tverrfaglege samarbeidet mellom dei to forskingsgruppene våre.

gruppebilde saidd 2023
Dei 58 deltakarane på SAIDD 2023 kom frå 12 land: USA, Italia, Canada, Japan, India, Kina, Ukraina, Nederland, Slovenia, Tsjekkia, Storbritannia og Noreg (Foto: Idun A. Husabø).

Vi vil også trekkje fram at faggruppa, ved leiande seniorforskar Rajendra Akerkar, var ansvarleg arrangør av SAIDD 2023, eit stor internasjonal symposium i Sogndal med tema stordata og kunstig intelligens. Symposiet var knytt til prosjektet «Transnasjonalt partnarskap for framifrå forsking og utdanning i disruptive teknologiar for ei resilient framtid». Toppforskarar på fagfeltet frå heile verda deltok på symposiet, som også resulterte i fleire publikasjonar.

 

Berekraftig reiseliv

Vi posisjonerer oss for å bli eit nav i eit framtidig senter for berekraftig reiseliv, med fleire relevante og strategisk viktige forskingsprosjekt siste året. Seniorforskar Agnes B. Engeset har delteke i Innovasjon Norge si nasjonale strategigruppe for reiseliv 2030. Formålet med prosjektet er å identifisere forskings- og innovasjonstiltak som bidreg til at reiselivsnæringa kan utvikle seg berekraftig og gir arbeidsplassar og verdiskaping heile året. Gruppa skal leggje fram strategien sin for Nærings- og fiskeridepartementet innan 22. mars 2024.

Vi har styrka både den arktiske profilen vår og arbeidet med berekraftig reisemålsutvikling, i eit lite, men strategisk viktig oppdrag for Visit Svalbard. I prosjektet har vi utvikla metode for tolegrenseanalyse, der vi definerte kva belastning Longyearbyen toler frå framtidig cruiseturisme. Analysen vår skal brukast som grunnlag for å planleggje nye besøksstrategiar på Svalbard.

Innan kulturbasert reiseliv har vi også utvida prosjektporteføljen vår i 2023 med prosjekta Dreis og Ombook. Begge prosjekta styrkar oss innan kreativ samskapingsmetodikk i reiselivet, t.d. design thinking-prosesssar og er døme på nytenkande kunnskapsutvikling i krysningsfeltet mellom natur, kultur, kulturarv og berekraftig reisemålsutvikling.

Reiselivsgruppa si forsking på stadutvikling ga og høve til å studere karriereutvikling i Sogn og Fjordane, på oppdrag frå Sparebankstiftinga. Resultata stadfesta langt på veg påstanden om at arbeidstakarar i distrikta opplever å ha ei raskare karriereutvikling enn i større byar

Regional utvikling og -samarbeid

Dei regionale forskingsinstitutta er medvite plassert utanfor dei store byane, og spelar ei nøkkelrolle i regionale innovasjonssystem. Samstundes med deltaking på den internasjonale og nasjonale FoU-arenaen, er vi tett på næringsliv og offentleg sektor i eigen region.

Vestlandsforsking sin strategi for åra 2021-2025 understrekar at vi har ei særskilt rolle når det gjeld regional relevans og samarbeid. Spesielt viktig er det å ha tett dialog og samarbeid med Vestland fylkeskommune, i tillegg til Høgskulen på Vestlandet, næringsliv og offentleg sektor i regionen.

Nokre døme på prosjekt med regional relevans som kom i gang i 2023:

Vi har ein samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune om å bidra til å styrke det regionale arbeidet med næringsutvikling, knytt til forskinga vår innan klima og miljø, reiseliv, og teknologi og samfunn. Vi er representert i FoU-forum Vestland som skal arbeide for å utvikle og iverksette forskingsfeltet i politisk vedtekne regionale planar og strategiar, og vi bidrog der med innspel til revisjon av Temaplan Forsking for Vestland fylke.

Vi har i 2023 teke aktivt del i FORREGION, som har til mål å fremje forskingsbasert innovasjon i næringslivet i heile landet. Fylkeskommunen leiar FORREGION Vestland, og samarbeider med Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.

Vi har oppdrag knytt til EU-nettverket Horisont Vestland, vi deltek og er sentrale i administrasjonen av i IT-forum Vest og E-helse Vestland. Vi samarbeider med fleire av hubane i Grøn region Vestland, og med Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster (Arena Pro), der vi særleg bidreg aktivt på samlingar og konferansar med kunnskap om internasjonalisering, berekraft og livsløpsanalysar. Vi er representerte i styret for Fjordkonferansen, som sidan 2012 har skapt eit fagleg møtepunkt for dei akademiske fagmiljøa på Vestlandet med ein årleg konferanse.

 

Internasjonalt samarbeid

Vi legg stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid. I 2023 har vi totalt hatt 17 aktive, internasjonale prosjekt, og samarbeid med forskarar i ei rekkje andre land. 

Stordatagruppa under Teknologi og samfunn har arbeidd med fleire internasjonale prosjekt i året som gjekk. Forebygging av voldsfremkallende atferd i det sosiale cyberrommet i lokalsamfunn (SOCYTI) er eit fireårig prosjekt som starta opp i 2022, der Vestlandsforsking samarbeider med Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet, NLA Høgskolen og George Mason University (USA). Hovudmålet er å undersøke korleis ein kan forbetre motstandskrafta i samfunnet, primært ved å velje ei prinsipiell tilnærming til sosial cybertryggleik, ved å utvikla metodar og verktøy for å informere norske samfunnstenester i tide om proaktive intervensjonar i stor skala rundt valdsframkallande åtferd på nettet.

Prosjektet «Transnasjonalt partnarskap for framifrå forsking og utdanning i disruptive teknologiar for ei resilient framtid (DTRF)» er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og sju verdsleiande universitet i USA, India, Kina og Japan, der målet er å etablere ein langvarig partnarskap om framifrå utdanning og forsking knytt til dette temaet.

Klima- og miljøgruppa har arbeidd med to Horisont2020-prosjekta JustNorth (som vart avslutta i 2023) og Face-It. Desse prosjekta handlar om polare problemstillingar og effektar av klimaendringar. ClimateNarratives prosjektet fokuserer på utveksling av lokale fortellingar og venskapeleg forståing av klimaendringar i urfolkssamfunn på Grønland og i det sørvestlege Stillehavet. SusRenew, som vart starta i 2023, skal analysere den pågående overgangen mot et framtidig fornybart energisystem med nullutslepp av klimagassar. Gruppeleiar på mijløgruppa samarbeider med Universitet i Sussex og var på eit forskningsopphald der i juni 2023, der han besøkte energigruppa til Universitet i Sussex på SPRU. Vestlandsforsking og Universitet i Sussex har i 2023 og 2024 samarbeidd om avkarbonisering og omstilling av norsk industri. Prosjektet er knytt til FME NTRANS. I tillegg er professor Benjamin Sovacool (frå Universitetet i Sussex) gjesteforskar hos miljøgruppa.

I 2023, som tidelegare, har vi hatt prosjektetableringsmidlar til posisjonering, kompetanseheving og utvikling av Horisont Europa-prosjekt. Vi har óg jobba med ein ny handlingsplan for Vestlandsforsking sitt internasjonale samarbeid. 

I tillegg til Horisont-programmet, har Vestlandsforsking lange tradisjonar for EØS-samarbeid, Forskingsrådet sitt JPI-program, nordisk samarbeid og deltaking i INTERREG-programma. Mellom anna leier miljøgruppa EØS-prosjektet Co-Adapt, der målet er å utvikle eit medverknadsverktøy for klimaomstilling som fasiliterer klimatilpassing og kutt i utslepp av klimagassar i byar i Polen. Forskarar frå Miljøgruppa jobbar også i EØS-prosjekt i Portugal, Bulgaria og Romania. Eit anna EØS-prosjekt med polske samarbeidspartnarar, der forskarar frå teknologi- og samfunnsgruppa er engasjerte, er Polish Outdoor Learning med mål om å bruke "outdoor learning" til å engasjere kvinner som står utanfor arbeid og utdanning. 

Vi samarbeider også med nordiske land i ei rekkje prosjekt, som Adapt-map, Kjønns- og mangfoldsparadokset i innovasjon, og Transadapt. I 2023 var vi også midt i prosjektperioden til Tourrisk, eit prosjekt leidd av Vestlandsforsking, der vi, i tillegg til mange norske institusjonar, samarbeider med partnarar frå Australia, Canada og Nederland.

 

Berekraft i Vestlandsforsking

Det interne prosjektet om berekraft i Vestlandsforsking vart starta i 2022 og vil bli fullført i 2024. Arbeidet skal munne ut i ein berekraftsrapport med ein tiltaksplan for å styrke arbeidet vårt med berekraft, både i prosjekta våre og i drifta vår.

VF berekraftsmål
Miljøfyrtårnordninga sine kriteriesett er med på å etterleve fleire av FN sine berekraftsmål. Kjelde: www.Miljøfyrtårn.no

Vestlandsforsking vart Miljøfyrtårnsertifisert i 2009. Gjennom ei kontinuerleg forbetring i etterfølging av felleskriteria for private og statlege verksemder i Miljøfyrtårn, er Vestlandsforsking med på å oppnå FN sine berekraftsmål nummer 3, 6, 7, 11, 12, 13 og 14.

Vi vil halde fram med å jobbe for å vere miljøfyrtårnsertifisert og gjennom dette arbeide målretta for å redusere klimagassutslepp både i drifta og i forskingsaktiviteten vår. Eitt av tiltaka som er gjennomført i 2023 er synleggjering av berekraftsmål i prosjekt og publikasjonar på heimesidene våre. Her er nettsida til prosjektet Design og gamle handverktradisjonar som innovasjonskraft for berekraftig vareproduksjon og eit kulturbasert reiseliv (DREIS)

 

Prosjektet Dreis
Skjermbilete av prosjektsida til DREIS eit nytt prosjekt i 2023, der berekraftsmåla prosjektet er med på å nå er vist i høgre kolonne

 

Meininga er å vere meir transparente, slik at våre eksterne samarbeids-partnarar og andre oppdragskundar kan søkje på berekraftsmål og få opp typiske prosjekt vi har eller har hatt, som er med på å oppnå desse måla. Ved å klikke på berekraftsmål nr. 8 får ein fram ei oversiktsside som viser delmål for mål nr. 8 og kva prosjekt og aktivitetar vi har som omfattar berekraftsmål nr. 8.

 

Åttende berekraftsmål
Skjermbilete av VF si nettside som viser kva prosjekt og aktivitetar som er med på å nå berekraftsmål nr. 8

 

 

Miljøfyrtårnrapportering 2023

Også 2023 er prega av høg aktivitet på instituttet. Vi har framleis høg omsetning og ingen store skilnadar i talet på tilsette. Reiseaktiviteten er noko meir normal og det vert jobba med sortering av avfall, forbruk og bevisstgjering når det gjeld kva aktivitet vi vel ved gjennomføring av arbeidet vårt. Vi har oppnådd ei kjeldesorteringsgrad på 84 prosent. Som eit resultat av at vi har vore meir medvitne om energisparingstiltak, har vi redusert energibruken i kontorlokala våre med 3 prosent i 2023. Det samla klimafotavtrykket vårt har gått ned til 31,75 tonn CO2-ekvivalentar. Det er ein reduksjon på heile 59 prosent frå 2022 og skuldast i hovudsak færre internasjonale flyreiser i 2023.