Sogndal fotball - individualisert lagidrett med ny teknologi

Sogndal Fotball AS skal vere i forkant med bruk av ny teknologi blant dei små klubbane i norsk fotball. Hovudmål er å utvikle nye marknader for Sogndal Fotball AS ved å gjere Fosshaugane Campus til nasjonalt FoU-senter for fotball. Prosjektet skapar nye tenester, arrangement og produkt for sal. Satsinga skal bringe fram kunnskap og realisere potensiale for næringsutvikling i skjeringspunktet mellom fotball som praksis og fotball som utdannings- og forskingsfelt. Gjennom samarbeid med FoU-institusjonar skal bedrifta utvikle forståing og forklaringsmekanismar for resultatindikatorar for toppfotball. Prosjektet er definert som industriell forsking i hht. art 30 i EF 800/2008

Vestlandsforsking (VF) skal bidra gjennom heile prosjektet, men ha særleg fokus på det metodiske, drive følgjeforsking og samle inn prosessdokumentasjon. Følgje- evaluator si rolle i prosjektet er og å komme med kritiske konstruktive innspel til prosjektet si leiing, for å sikre at prosjektet når sine mål.

Det skal utarbeidast korte rapportar undervegs ved behov, gjevast aktive bidrag i planlegging og søknadsutforming for delprosjektsatsingar og dokumentasjon av delprosjekt i form og omfang som er nyttig for oppdragsgjevar, samt sluttevaluering- med sluttrapport. 

Sogndal fotball har rettar til alle produkt som kjem ut av samarbeidet.

Vestlandsforsking skal kunne nytte resultat og erfaring frå prosessen til publisering og i forhold til erfaringsutveksling.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogndal fotball
Prosjektnummer:
6328
Prosjektleiar:
Publikasjon(ar):