Landskapsendringar og naturfare ved tap av permafrost, brear og snøfonner. Utfordringar for fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen (Naturfare Jotunheimen)

Fjellturisme er ei veksande næring basert på aktivitet i natur med mykje snø og is i form av permafrost, fonner og brear. Desse områda som er særleg utsette for konsekvensane av eit varmare vêr, slik som landskapsendringar og akutte geofarehendingar. Samstundes er det endringar i fjellturismen, med meir trafikk og nye typar turistar som har andre preferansar og åtferdsmønster. Denne kombinasjonen kan føre til at ferdafolk blir meir eksponert for krevjande ferdselsforhold, noko som kan resultere i uynskte hendingar og nye oppdragstypar for fjellredningstenesta. Til saman utfordrar dette heile fjellturismesystemet, altså både næringa, myndigheiter og den regionale redningsberedskapen.

Prosjektet sitt hovudmål er å utvikle kunnskap om korleis fjellturismesystemet kan forhalda seg til fysisk klimarisiko i Jotunheimen. Dette inneber å klargjere omfang og lokalisering av moglege landskapsendringar og geofare i Jotunheimen, og spesifisere kva for tryggleiksutfordringar det vil kunne føre med seg for fjellturisme og redningsberedskap. Prosjektet har eit klassisk samfunnstryggleiksperspektiv og vil nytte ei tverrfagleg tilnærming for å kartleggje utfordringar, utvikle scenario og ein modell for korleis fjellturismesystemet kan stå i mot og tilpasse seg desse utfordringane. Prosjektet vil skape ein basis for handtering av verknader av klimaendringar i Jotunheimen og stimulere til samarbeid mellom ulike fag og institusjonar for å trygge ferdselen i fjellet.

Prosjektleiar er Albert Lunde, Univeristetet i Stavanger og Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskningsfond, Innlandet
I samarbeid med:
Høgskulen i Innlandet
Norsk fjellsenter - Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning
Lom kommune
Universitetet i Stavanger
Meteorologisk Institutt
Univeritetet i Oslo
Klimapark 2469 AS
Prosjektnummer:
6644
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar
Prosjektmedarbeidarar:
Seniorforskar