Populærvitskapleg formidling 2022

presentasjon
Forskingsdagane i Sogndal er ein fin arena for å dele forskingsfunn for eit litt breiare publikum enn vanleg. Synnøve S. Beitnes snakka om kva norske bønder lærde av tørkesommaren 2018. Dette var temaet for masteroppgåva hennar og ho har seinare delt funna sine i ein vitskapleg artikkel og i kronikkform. (Foto: Bjørn Christian Weinbach)

Vestlandsforsking legg vekt på å dele forskingsfunn til ålmenta og relevante delar av samfunnet gjennom populærvitskapleg formidling.

tv-intervju hj
Hans Jakob Walnum i intervju med tysk TV. (Foto: Idun A. Husabø)

Vestlandsforsking har som mål å dele forskingsresultat med samfunnet, og vi legg vekt på at forskarane er aktive i samfunnsdebatten og synlege i media. Vi deler jamnleg stoff med ålmenta via nyheitsartiklar på våre eigne nettsider. Her kan du lese nettsakene våre frå 2022.

Dei fleste forskarane ved instituttet skriv om forskingsresultata sine i form av kronikkar og debattinnlegg eller populærvitskaplege artiklar på nettstader som forskning.no, som instituttet er medlem av, på linje med mange andre aktørar i norsk akademia. Her kan du lese Vestlandsforsking sine saker på forskning.no.

Vestlandsforsking har i fleire år levert kronikkar månadleg til spalta "Faglig snakka" i Nationen. Her er eit døme frå 2022, "Teknologifaga skrik etter jenter" av leiande seniorforskar Hilde G. Corneliussen.

Vi leverer òg kronikkar til lokalavisa vår og til riksaviser, alt etter tema og aktualitet. Skribentane er forskarane sjølve, i samarbeid med kommunikasjonsansvarleg ved instituttet. Vi tipsar òg media om stoff til redaksjonelle saker.

NRK hjå Ivar Petter i Lærdal 2022
NRK Vestlandsrevyen og deltakarar på Klimaomstilling 2022 hjå forskar Ivar Petter Grøtte i mai 2022. (Foto: Idun A. Husabø)

I september 2022 laga Bergens Tidende eit større oppslag om nordmenn sin store vilje til å betale for skredsikring, basert på tal frå Norsk klimamonitor, som Vestlandsforsking og Noradapt driv. BT hadde òg ein leiar om temaet neste dag.

Vi står òg for mange andre medieoppslag på radio, TV og i aviser om tema knytt til forskinga vår, både som kjelder og intervjuobjekt. I 2022 stilte seniorforskar Hans Jakob Walnum til intervju då ein tysk tv-kanal lagde dokumentarprogram om cruiseskip og utslepp av klimagassar ("Achtung, Traumschiffe - Kreuzfahrt-Branche auf neuem Kurs", ZDF/ARD).

Karen om ph.d.
Karen Richardsen Moberg formidla funn frå doktorgraden sin på eit seminar i Sogndal hausten 2022. (Foto: Idun A. Husabø)

 

Vestlandsforsking brukar sosiale medium, for tida Facebook, LinkedIn, Twitter og Instagram. Vi står òg for sosiale medie-profilar for Noradapt, som Vestlandsforsking driv på vegner av fleire kunnskapsmiljø innan klimatilpassing, og for tenesta Norsk klimamonitor (Twitter).

Formidling føregår òg på mange andre måtar enn dei som er nemnde her, til dømes i podcastepisodar, som føredrag på seminar og konferansar, i form av undervisning og på ulike bloggar og andre digitale flater og forum.

Minister Ola Borten Moe på VF
Ola Borten Moe vitja Vestlandsforsking som statsråd for forsking og høgare utdanning i 2022. Her med direktør Anne Karin Hamre og ordførar Arnstein Menes (Foto: Idun A. Husabø).