Personale og kompetanseutvikling 2023

Det vart utført kring 31 årsverk ved instituttet i 2023. Ved utgangen av året hadde vi 37 tilsette, 33 forskarar og fire administrativt tilsette. I tillegg har vi i 2023 hatt to gjesteforskarar knytt til oss.

Vi hadde 20 tilsette med dokotorgradskompetanse (seniorforskar) i 2023 og fem av desse har professorkompetanse (leiande seniorforskar).

Vi er godt innanfor målet om at 50 prosent av forskarane skal ha doktorgrad. Ein stipendiat har disputert i 2023 og gått over i stilling som seniorforskar. Ved utgangen av 2023 hadde vi tre stipendiatar og ein trainee.

Kvinner utgjer 46,9 prosent av forskarstaben og 50 prosent av tilsette ved Vestlandsforsking

Ser vi bort frå at ein tilsett blei pensjonist, har vi ein turnover på 8,1 prosent. Vi ynskjer helst å ligge under 10 prosent. Det er eit internasjonalt arbeidsmiljø ved instituttet, med forskarar frå ei rekkje ulike land, som India, Vietnam, Polen, USA, Danmark og Sverige.

Vi har fått på plass «husvev 2.0 «, eit intranett som vart lansert i ny drakt i mars 2023. Kompetanseheving for alle er viktig for Vestlandsforsking og i 2023 har alle tilsette fått tilbod om kurs i prosjektleiing.

Vestlandsforsking har i 2023 hatt eit sjukefråvær på 3,9 prosent, ei fin forbetring i forhold til 2022. Instituttet arbeider for eit godt arbeidsmiljø og for å førebygge sjukefråvær gjennom HMS- og IA-arbeid, internseminar og rask oppfølging ved sjukdom. Vi skal vere ein arbeidsplass der medarbeidarane har rom for å utvikle seg og kollegiet til beste for instituttet og i tråd med intern kompetanseplan og likestillingsplan. Det er eit mål å legge til rette for at dei tilsette kan kombinere ei forskarkarriere ved instituttet med familieliv på ein god måte.

Tilsette ved utgangen av 2023

Teknologi- og samfunnsgruppa

Agnes I. Brudvik Engeset, seniorforskar

Anna Maria Urbaniak-Brekke, seniorforskar

Bjørn-Christian Weinback, stipendiat

Bård Huseby, forskar

Daniel Furberg, forskar

Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar og forskingsleiar

Hoang Long Nguyen, seniorforskar

Ivar Petter Grøtte, seniorforskar

Kristin Løseth, seniorforskar

Malin Waage, seniorforskar

Rajendra Akerkar, leiande seniorforskar

Torunn G. Hønsi, seniorforskar og gruppeleiar

Øyvind Heimset Larsen, seniorforskar

Chestha Arora, seniorforskar

Dante Della Vella, forskar

Klima- og miljøgruppa

Carlo Aall, leiande seniorforskar

Eivind Andre Brendehaug, seniorforskar

Fredrik Moltu Johnsen, seniorforskar

Halvor Johannes Dannevig, leiande seniorforskar og forskingsleiar

Hans Jakob Walnum, seniorforskar og gruppeleiar

Idun Anderssen Husabø, forskar og kommunikasjonsansvarleg

Irmelin Gram-Hanssen, seniorforskar

Karen R. Moberg, seniorforskar

Kyrre Groven, seniorforskar

Mari Hanssen Korsbrekke, seniorforskar

Marta Karoline Jansen, forskar

Ragnhild Freng Dale, seniorforskar

Stefan Gössling, forskingskoordinator

Synnøve Støverud Beitnes, forskar

Tara Botnen Holm, stipendiat

Torbjørn Selseng, forskar

Bror Kristan Raanaas Tandberg, trainee

Joaquin Zenteno Hopp, forskar

Administrasjonen

Anne Karin Hamre, direktør

Silje Vatlestad, økonomiansvarleg

Monica Brugrand, HR-ansvarleg

Geir Olav Haugen, prosjektrådgjevar

Gjesteforskarar

Jan Ketil Rød, gjesteforskar

Benjamin Sovacool, gjesteforskar