Robert
Engels
tidlegare tilsett
Stillingstittel:
Vitskapleg rådgjevar (bistilling)
Akademisk tittel:
Ph.d.
Telefon:
Tilsett:
2006

Robert har basisutdanning frå University of Amsterdam og dr.grad frå University of Karlsruhe. Han har arbeida som FoU-leiar i firmaet CognIT AS sidan 1999. I tillegg til utvikling av system og produkt for CognIT har ein viktig del av arbeidet vore å knytta CognIT opp til EU sine rammeprogram for FoU. Det har resultert i både forskingsprosjekt og deltaking i Network of Excellence.

Han har hatt ansvaret for store metadata-prosjekt for mellom anna DaimlerChrysler AG og Deutshce Telekom. I det siste har han arbeida med eit stort metadata-prosjekt for NRKs musikkarkiv.

Robert er tilsett i bistilling ved Vestlandsforsking som vitskapleg rådgjevar for IT-forskinga, og med eit særleg ansvar for utvikling av området semantiske teknologiar.