Om Vestlandsforsking 2023

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører tverrfagleg og bruksretta forsking på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Ved instituttet er det 37 tilsette, og kontorlokala ligg ved Campus Sogndal på Fosshaugane. Instituttet har ein tverrfagleg profil og har tre hovudforskingsområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Instituttet har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og forskinga er godt forankra i regionen.

Overordna mål

Vestlandsforsking skal vere eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankring i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling.

Visjon

Banebrytande kunnskap for eit berekraftig samfunn

Finansiering

Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i Vestlandsforsking. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til fagleg utvikling, kvalitetssikring, nettverksbygging og prosjektutvikling. Ved etableringa av stiftinga 13. mars 1985, ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, gjekk fylkeskommunen, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 mill. kr.

Instituttet er organisert som ei stifting og blir leia av eit styre samansett av sju medlemmer. Vestland fylkeskommune vel fleirtalet av desse. I 2023 var Silja Ekeland Bjørkly styreleiar. Direktør Anne Karin Hamre utførte den daglege leiinga av instituttet. To forskingsleiarar og to administrative gruppeleiarar er del av leiargruppa.

Kvalitetssikring

Kvalitetssikring skjer gjennom fagleg rettleiing og kontroll, og ved eit eige internt system for kvalitetssikring av prosjektgjennomføringa.

Organisering

2023 org kart

Strategi 2021– 2025

Vestlandsforsking vedtok strategi for perioden 2021–2025 i styremøtet 11. desember 2020. Strategien består av eitt hovudmål og tre delmål med tilhøyrande utdjupingar og målsetjingar.

Hovudmål:

Vestlandsforsking skal vere eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankring i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere banebrytande forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling.

Hovudmålet skal realiserast gjennom følgjande tre delmål:

  1. Samfunnsrelevant forsking og formidling
  • Forske på regionale, nasjonale og globale samfunnsutfordringar og utvikle løysingar i samarbeid med offentleg forvalting, næringsliv og sivilsamfunn
  • Gjere forskinga synleg for ålmenta, oppdragsgjevarar og forskingsmiljø gjennom populærvitskapleg forskingsformidling, vitskapleg publisering og aktiv deltaking i samfunnsdebatten
  • Styrke omdømme og nettverk gjennom å dele kunnskap og idéar
  1. Sterkt og konkurransedyktig fagmiljø
  • Utføre forsking med høg vitskapeleg kvalitet
  • Bygge og vedlikehalde sterke, tverrfaglege forskingsmiljø
  • Delta i faglege og administrative samarbeid både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  1. Attraktivt og mangfaldig arbeidsmiljø
  • Vere den mest attraktive og inkluderande arbeidsplassen for forskarar i regionen, der alle medarbeidarar kjenner seg verdsette og opplever meistring og utvikling
  • Arbeide systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse
  • Tilby gode, fleksible og konkurransedyktige arbeidsvilkår

Strategiane er styrande for årleg budsjettprioritering og skal vere attkjennande i alle delar av verksemda.

 

Melding frå direktør - Satsing på kompetanse og samarbeid i 2023

Vestlandsforsking bidreg godt med kunnskap til at Noreg skal kunne gjennomføre det grøne og det digitale skiftet på ein berekraftig måte. Vi har hatt høg aktivitet innan prosjektutvikling og -gjennomføring, og har koordinert ei rekkje større prosjekt i 2023. Samstundes satsar vi på kompetanse. Om lag 75 prosent av forskarane våre har doktorgrad, og eitt av høgdepunkta i fjor var disputasen til Karen R. Moberg rett før jul. I tillegg er tre av våre yngre forskarar no inne i doktorgradsløp.

Høg fagleg kvalitet i forskinga vår er heilt avgjerande for oss. Samstundes handlar gjennomføring av forskingsprosjekt òg om god leiing, administrasjon og økonomi. I 2023 er det gjort ein god jobb med å revidere prosjektguiden vår, som inneheld rammeverk og rutinar for prosjektgjennomføring. Vi har satsa medvite på å styrke kompetansen innan prosjektleiing og -administrasjon gjennom fleire kurs som har vore opne for alle tilsette, og vi har tilsett ein prosjektøkonom for å styrke dette området.

Vi arbeider tverrfagleg, og utviklar stadig fleire prosjekt på tvers av forskargruppene våre. Eit godt og langvarig forskingsarbeid innan kjønn, mangfald og teknologi resulterte i at vi hausten 2023 fekk midlar frå Forskingsrådet til eit stort prosjekt, Just Transform, der vi skal arbeide med inkludering, mangfald og rettferd i den grøne og den digitale omstillinga.

Vi har tilsett ny EU-rådgjevar i 2023, og vi har arbeidd med å utvikle strategi og handlingsplan for det internasjonale arbeidet vårt. Vi vidareutviklar stadig Noradapt – nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing, der Vestlandsforsking samarbeider med sju andre FoU-partnarar over heile landet, og vi arbeider for å posisjonere oss til nye sentersatsingar, m.a. innan berekraftig reiseliv og kunstig intelligens. Samstundes er vi godt forankra i Vestland fylke, med mykje samarbeid og oppdrag for fylkeskommunen, kommunar og bedrifter.

Forskarar og Kronprinsen
Samtalen mellom Kronprinsen, forskarar og masterstudentar frå Climate Change Management var under leiing av Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking. Foto: Bror Kristian Ranaas Tandberg

 

I 2023 har vi bidrege til fleire større arrangement i Sogndal. I mai arrangerte KI- og stordatagruppa vår eit internasjonalt symposium om kunstig intelligens, og i lag med regionale samarbeidspartnarar koordinerte vi den årlege, nasjonale klimaomstillingskonferansen. I haust vart vi vertskap for haustsamlinga til FOKUS – dei regionale forskingsinstitutta, der forskingspolitikk og det grøne skiftet var hovudtema. Vi la fram forsking om smart teknologi og klimatilpassing då Landbruks- og matdepartementet besøkte Sogndal, og vi bidrog saman med Høgskulen til ein god klimasamtale med Kronprinsen då han vitja Campus Sogndal i september.