Etterlyste forskingsmidlar for samarbeid med kommunar og bedrifter i distrikta

Hamre og Hoel
Statsråd Oddmund Hoel fekk fleire ønske om justeringar av dagens forskingssystem frå Vestlandsforsking og direktør Anne Karin Hamre under besøket 28. mai. Foto: Idun A. Husabø

Då kunnskaps- og høgare utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel besøkte Vestlandsforsking 28. mai for å drøfte framtidas forskingspolitikk, var leiinga ved instituttet tydeleg på eitt ønske: at regjeringa gjer det lettare for forskingsmiljøa å samarbeide med næringsliv og kommunar utanfor dei store byane.

– Her er det eit tomrom når det gjeld finansiering, sa direktør Anne Karin Hamre.  

Regjeringa jobbar med ei stortingsmelding om forskingssystemet, og Oddmund Løkensgard Hoel ønskte seg innspel og dialog om dette. For leiinga ved Vestlandsforsking var det særleg eitt punkt det var viktig å få fram:

– I dag er forsking konsentrert til dei store byane og store organisasjonar. Vi treng ordningar som kan stimulere til samarbeid mellom mindre aktørar i distrikta, seier Anne Karin Hamre. Ho siktar då til samarbeidsprosjekt der forskingsaktørar får med seg kommunar og næringsliv for å løyse aktuelle samfunnsutfordringar.

Regjeringa har lansert ein strategi for å auke næringslivet si involvering i forsking og finansiering av forsking. Der legg dei opp til at forskinga skal skje over heile Noreg.

– Då gjeld det å ha eit sett med verkemiddel som når heile landet, seier Hamre. Ser ein på tala for forskings- og utviklingsprosjekt i ulike delar av landet, kan ein tenke at det ikkje står så ille til i Vestland. Men Hamre minner om at svært mykje går til Bergen og at Vestland har ei stor distriktsbefolkning samanlikna med andre fylke.

Trappa manglar eit trinn

Instituttet har fleire døme på samfunnsnær og viktig forsking det aldri ville blitt noko av utan lettare tilgjengelege midlar under forskingsråd-nivå. Det ferskaste eksempelet er prosjektet Toksklim, der forskarar, kommunar og forvaltninga utvikla verktøy som gjer det lettare å førebygge at miljøgifter kjem på avvege i naturen som følgje av klimaendringar. Prosjektet vart finansiert av regionale forskingsfond, som no er avvikla.

Anne Karin Hamre viste korleis «forskingstrappa» no manglar eit viktig trinn på vegen frå fylkeskommunal finansiering, som Forregion, til nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, dvs. Noregs forskingsråd og EU.

– Å avvikle dei regionale forskingsfonda var som å fjerne eit trappetrinn. Det gjer det tyngre å samarbeide med bedrifter og kommunar om forsking, seier Hamre. Færre slike midlar betyr òg at det blir vanskelegare for yngre forskarar å kome i gang dei første forskingsprosjekta sine.

Kapasitetsløft fungerer godt

Heldigvis finst det ordningar som fungerer godt. Kapasitetsløft-ordninga i Forskingsrådet, som har gjort det seksårige prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane mogeleg, har gitt Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet høve til å byggje seg opp på eit fagområde, i samarbeid med eit breitt spekter av bedrifter. I Teknoløft tek næringslivet i bruk robotikk, stordata og kunstig intelligens for å auke verdiskaping og innovasjon. Parallelt har forskingsinstitusjonane fått rom til å utvikle fagmiljøa sine og søke om ny finansiering.

Møte med Oddmund Hoel
Oddmund Hoel ønskte innspel til gjennomgangen regjeringa gjer av forskingssystemet, og møtte difor fleire representantar for leiargruppa ved instituttet. Foto: Idun A. Husabø

– Med rundt 28 millionar kroner har vi lukkast med å utløyse over 200 millionar nye forskingskroner til fleire nye næringsretta prosjekt i ein region som har hatt lite tradisjon for å delta i forsking. I tillegg kjem ringverknader i form av doktorgradsstipendiatar, nytilsetjingar og utdanningar, fortalde Hamre.

– Kapasitetsløft er eit utruleg treffsikkert verkemiddel viss ein vil spreie forsking til heile landet. Problemet er at det går fleire år mellom kvar utlysing, sa Hamre.

Senter løyser ut nye forskingsmidlar

I tillegg til direktør Anne Karin Hamre stilte instituttet sin nye prosjektøkonom og tre representantar for klima- og miljøforskinga ved instituttet. Carlo Aall presenterte Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), eit samarbeid mellom åtte fagmiljø på feltet klimatilpassing leia av Vestlandsforsking.

Aall påpeikte at berre 9 prosent av forskingsmidlane Noreg har sett av til klimaforsking, går til klimatilpassing. Han peika òg på kor viktige forskingssenter er for å løyse ut nye forskingsmidlar til forsking.

– Noradapt har skaffa om lag 89 millionar kroner i prosjektfinansiering frå 2019 til 2024, og har dermed hatt ei særs viktig rolle i å auke forsking og kunnskap knytt til klimatilpassing i Norge, sa Aall. Senteret jobbar no med å utvide samarbeidet med næringslivet.

Planar om nye senter

Vestlandsforsking jobbar samtidig for å få til tre nye senter. Det eine er ein søknad om eit Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) på feltet bygg og transport. Her er hovudaktøren Sintef, ein av partnarane i forskingssenteret Noradapt. Innan berekraftig reiseliv er Vestlandsforsking på god veg til å etablere eit nasjonalt kunnskapssenter.

– Vi posisjonerer oss òg i regjeringa si nye storsatsing på kunstig intelligens, sa Vestlandsforsking-direktøren, og hausta lovord frå statsråden for det initiativet.

Hoel takka for orienteringa og var klar på at han lyttar nøye til innspela frå Vestlandsforsking.

– Vi skal gå gjennom alle verkemiddel for å sjå korleis dei kan bli meir effektive. De kjenner dagens forskingspolitikk frå ein litt annan ståstad enn dei store forskingsinstitusjonane, sa statsråden.