Personale og kompetanseutvikling 2023
Det vart utført kring 31 årsverk ved instituttet i 2023. Ved utgangen av året hadde vi 37 tilsette, 33 forskarar og fire administrativt tilsette. I tillegg har vi i 2023 hatt to gjesteforskarar knytt til oss.
Vi hadde 20 tilsette med dokotorgradskompetanse (seniorforskar) i 2023 og fem av desse har professorkompetanse (leiande seniorforskar).
Vi er godt innanfor målet om at 50 prosent av forskarane skal ha doktorgrad. Ein stipendiat har disputert i 2023 og gått over i stilling som seniorforskar. Ved utgangen av 2023 hadde vi tre stipendiatar og ein trainee.
Kvinner utgjer 46,9 prosent av forskarstaben og 50 prosent av tilsette ved Vestlandsforsking
Ser vi bort frå at ein tilsett blei pensjonist, har vi ein turnover på 8,1 prosent. Vi ynskjer helst å ligge under 10 prosent. Det er eit internasjonalt arbeidsmiljø ved instituttet, med forskarar frå ei rekkje ulike land, som India, Vietnam, Polen, USA, Danmark og Sverige.
Vi har fått på plass «husvev 2.0 «, eit intranett som vart lansert i ny drakt i mars 2023. Kompetanseheving for alle er viktig for Vestlandsforsking og i 2023 har alle tilsette fått tilbod om kurs i prosjektleiing.
Vestlandsforsking har i 2023 hatt eit sjukefråvær på 3,9 prosent, ei fin forbetring i forhold til 2022. Instituttet arbeider for eit godt arbeidsmiljø og for å førebygge sjukefråvær gjennom HMS- og IA-arbeid, internseminar og rask oppfølging ved sjukdom. Vi skal vere ein arbeidsplass der medarbeidarane har rom for å utvikle seg og kollegiet til beste for instituttet og i tråd med intern kompetanseplan og likestillingsplan. Det er eit mål å legge til rette for at dei tilsette kan kombinere ei forskarkarriere ved instituttet med familieliv på ein god måte.
Tilsette ved utgangen av 2023
Teknologi- og samfunnsgruppa
Agnes I. Brudvik Engeset, seniorforskar
Anna Maria Urbaniak-Brekke, seniorforskar
Bjørn-Christian Weinback, stipendiat
Bård Huseby, forskar
Daniel Furberg, forskar
Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar og forskingsleiar
Hoang Long Nguyen, seniorforskar
Ivar Petter Grøtte, seniorforskar
Kristin Løseth, seniorforskar
Malin Waage, seniorforskar
Rajendra Akerkar, leiande seniorforskar
Torunn G. Hønsi, seniorforskar og gruppeleiar
Øyvind Heimset Larsen, seniorforskar
Chestha Arora, seniorforskar
Dante Della Vella, forskar
Klima- og miljøgruppa
Carlo Aall, leiande seniorforskar
Eivind Andre Brendehaug, seniorforskar
Fredrik Moltu Johnsen, seniorforskar
Halvor Johannes Dannevig, leiande seniorforskar og forskingsleiar
Hans Jakob Walnum, seniorforskar og gruppeleiar
Idun Anderssen Husabø, forskar og kommunikasjonsansvarleg
Irmelin Gram-Hanssen, seniorforskar
Karen R. Moberg, seniorforskar
Kyrre Groven, seniorforskar
Mari Hanssen Korsbrekke, seniorforskar
Marta Karoline Jansen, forskar
Ragnhild Freng Dale, seniorforskar
Stefan Gössling, forskingskoordinator
Synnøve Støverud Beitnes, forskar
Tara Botnen Holm, stipendiat
Torbjørn Selseng, forskar
Bror Kristan Raanaas Tandberg, trainee
Joaquin Zenteno Hopp, forskar
Administrasjonen
Anne Karin Hamre, direktør
Silje Vatlestad, økonomiansvarleg
Monica Brugrand, HR-ansvarleg
Geir Olav Haugen, prosjektrådgjevar
Gjesteforskarar
Jan Ketil Rød, gjesteforskar
Benjamin Sovacool, gjesteforskar