Har tru på heilårs-reiseliv

heilårsturisme fjærland
Med ei god dunjakke og eit ullpledd, kan ein ha det like triveleg ved fjorden ein vinterdag som i sommarhalvåret. Foto: Fjærland Fjordstove Hotell

Alt ligg til rette for turisme i Sogn. Likevel satsar få unge på karriere i reiselivet. Ligg svaret i å halde ope gjennom heile året? Det trur Bård Huseby ved Vestlandsforsking, som òg er hotelleigar.

Når kveldane blir mørkare og vêret kjølegare, låser den eine etter den andre dørene i reiselivet i Sogn. Alt frå museum til hotell, serveringsstader og fjordruter går i vinterdvale og ladar opp til ein ny sesong i det nye året.

Er det nøydd til å vere slik? Det har Vestlandsforsking sett nærare på i eit prosjekt med midlar frå Vestland fylkeskommune, Sogn Næring, Sogndal kommune og reiselivsbedrifter i regionen.

– Den største utfordringa reiselivsbransjen har, er at vi ikkje klarer å tiltrekke oss unge som vil satse på reiselivet.  Ein av grunnane til det, er at vi i hotell- og restaurantbransjen betalar folka våre for dårleg, seier Huseby.

forskar står ute i sogndal
Bård Huseby er sjølv glad i å bruke naturen i Sogn til turgåing og rekreasjon året rundt. Foto: Idun A. Husabø

Han meiner reiselivsbransjen må heve kvaliteten på produkta dei leverer for å kunne ta ut betre marginar og betale dei tilsette godt nok til at dei vel å satse på reiselivet som karriereveg.

–Det første vi må starte med, er å ha heilårsope, slår Huseby fast.

Pause kvar vinter

Forskaren som har gjennomført denne studien, har eit unikt fortrinn: han har mange år bak seg i reiselivet i Sogn. Bård Huseby både eig og har drive eit lite hotell i Mundal i Fjærland, og har vore ein av dei som leitar høgt og låg etter kvalifiserte tilsette til bedrifta si.

I fleire år har dei sett strek tidleg i oktober, for først å opne att i april. Å rekruttere folk til neste sesong er eit tilbakevendande problem. Dei unge som har utdanna seg innan reiseliv, til dømes ved Høgskulen på Vestlandet, satsar dessverre sjeldan på å jobbe i reiselivet på Vestlandet.

– Få vil jobbe i ei bedrift der du berre har arbeid halve året, særleg viss dei har familie, seier Huseby.

–  Det vi ønskjer oss, er fleire gjester i lågsesongen, med produkt vi kan ta godt betalt for. Det vil gjere at vi kan få til heilårsopninga som skal til for å få folk som jobbar i bedrifta året rundt.

Fleire må samarbeide

I fou-prosjektet møttest reiselivsaktørar i Jostedalen, Flåm og Fjærland for å diskutere korleis dei kunne samarbeide om å halde ope gjennom vintermånadene. Dei forplikta seg til å gje grundige tilbakemelding om erfaringane dei gjorde seg, arrangerte visningsturar og lagde film om vinteren i Sogn.

Huseby har elles undersøkt om heilårsturisme kan vere ein strategi for å gjere det meir attraktivt med ei karriere innan reiseliv, og vidare å sjå på kor vidt heilårsope bidreg til fleire heilårsarbeidsplassar som kan bidra til at det blir enklare å få tak i og å behalde kjernekompetanse.

vinterturisme ski
Lette randonnéturar med flott utsikt over fjordlandskapet og trugeturar er blant det Huseby tilbyr vintergjestene ved hotellet sitt, Fjærland Fjordstove Hotell. Foto: Anders Grorud

Tankegangen er slik:

– Kan vi skaffe arbeidsplassar til folk året rundt, får vi lettare tak i tilsette som slår seg ned, gjerne med familie. Kanskje kan vi òg greie å heve løna deira og tiltrekke oss norske arbeidstakarar med relevant utdanning.

Det som raskt kom for ein dag, var at heilårsopning ikkje er ei satsing ei enkelt bedrift kan få til på eiga hand; det krev samarbeid mellom fleire verksemder.

– Vi snakkar både om samarbeid mellom aktørar på kvar stad og mellom til dømes Flåm, Fjærland og Jostedalen, utdjupar Huseby.

Vil styrke bulysta

– Dei som samarbeider om å halde ope, må òg vere visst mange, og må famne breiare enn reine reiselivsbedrifter, seier Huseby.

Tek vi Fjærland som døme, må altså både guidefirmaet, bremuseet, bokbyen og kafeen vere einige om å halde ope i vintermånadene i tillegg til hotellet. Utan eit slikt samarbeid blir det for lite å ta seg til, både for tilreisande og fastbuande.

– Viss så mange som ti kan halde ope i lag, bidreg det til ein kveldsøkonomi med møteplassar utanom skule og barnehage. Det styrkar bulysta, seier Huseby.

Er folk slitne?

Bård Huseby er overtydd om at det finst eit grunnlag for heilårsdrift i regionen.

Tilbakemeldingar frå visningsturar i regi av prosjektet

"Fjordane er kanskje endå finare om vinteren"

"Den beste snøen eg har køyrt ski på"

"Eit fantastisk opplegg for heile familien - eg trudde ein måtte vere toppturspesialist for å stå på ski her"

– Sogn er kjent som ein vinterskiplass, så grunnlaget finst. Det vi manglar, er ein tradisjon for å ha ope om vinteren, seier han.

Mange i næringa viser til at dei er slitne etter ein lang og hektisk sommarsesong, og då er det einaste rette å stenge og ta fri. Det forstår Huseby godt, ettersom han veit kor mykje eigeninnsats det ligg i små reiselivsbedrifter med ein omsetnad på 3-10 millionar.

Han trur likevel at det finst måtar å omgå slitenheiten på, som å legge meir ansvar på faste tilsette. Det krev kanskje at ein satsar meir på opplæring enn ein har gjort til no og at ein vågar å ha tilsette gåande utan at ein har tenkt ut alle oppgåvene dei skal utføre.

– Mange gjer ting sjølv i staden for å gje ordentleg opplæring. Sjølv om det er ein kostnad, vil det mest truleg svare seg.

– Ikkje nødvendig med kjempeskritt

Ut frå hans erfaring, er det òg viktig å starte i det små når ein skal utforske vinterope, til dømes ved eit lite hotell i ei vinterstille bygd ved fjorden.

– Tenk kort og lite nok! Kan vi få 20-30 til å kome den helga? Då kan vi ha ope ei langhelg. Det er ikkje nødvendig med kjempeskritt; ein kan heller å få folk til å kome to langhelger på ein månad.

– Eg trur at for mange vil det løne seg å halde ope året rundt sjølv om ein taper nokre kroner på det. Ein vil ta det att ved langt mindre jobb og stress idet toppsesongen startar, ettersom ein alt har ein base på plass.  Eg vil hevde at den samla kvaliteten blir betre av same grunn, seier Huseby.