Ingrid Sælensminde intervjua i nytt magasin
Magasinet "Ambisjonar" har intervjua Ingrid Sælensminde om å vere samfunnsforskar ved Vestlandsforsking og bu i Sogndal. Ingrid seier mellom anna:
- For meg er det viktig å jobbe på ein arbeidsplass som driv med nasjonalt og internasjonalt arbeid. Med Internett, videokonferanseutstyr og gode kommunikasjonar kan ein like godt gjere det i Sogndal som i Oslo. Det er Vestlandsforsking eit døme på.
Magasinet "Ambisjonar" er eit samarbeid mellom næringslivet i fylket, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket AS og InMedia AS. Målgruppa er lesarar med interesse for arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane. Ansvarleg utgjevar er Sogn og Fjordane fylkeskommune og InMedia.
Magasinet kan lastast ned her.