Seminar om tekstvitenskap og sjangerteori

Vestlandsforsking arrangerte tysdag 12.09.06 eit seminar om tekstvitskap og sjanger¬teori med høgskulelektor Maja Michelsen, Høgskolen i Østfold, og rådgjevar Egil Jacobsen, Aletheia Kommunikasjon, som foredragshaldarar. Seminaret vart halde på Fosshaugane Campus og var ope for alle. Det markerte ein første, forsiktig start på ein planlagd serie seminar under overskrifta ”Campus Seminar”. Campus Seminar skal vera eit bidrag til fellesskapen og integrasjonen mellom ulike fagmiljø i det nye Campus-bygget på Fosshaugane.

Maja Michelsen tok utgangspunkt i masteroppgåva si, ”Her er det veldig mye tekst!” Modell-leserkonstruksjoner på www.bokklubbene.no, ved institutt for nordiske språk, Universitetet i Oslo (2005). Ho gav først litt bakgrunnsinformasjon om området tekstvitskap og kommunikasjonsteoriar, før ho kom inn på oppgåva og viste eksempel på bruken av teoriane.

Egil Jacobsen tok for seg sjanger-omgrepet og korleis det kan brukast (og misbrukast). Ordet sjanger har vi fått frå fransk genre og det kjem av det latinske ordet genus – slekt. Sjanger i tekstsamanheng er altså tekstar som har eit visst slektskap.

Presentasjonane kan lastast ned her: