VRI Sogn og Fjordane inviterer til Campus Seminar om endringsleiing 5. juni 2009

Endring og endringsleiing er eit viktig og utfordrande felt for verksemder både i det private næringslivet og i offentleg sektor, særleg når vi ser det i lys av den økonomiske krisa som krev raske og effektive endringar.  Verksemdene står overfor mange utfordringar: Korleis best legge til rette for endring? Korleis handtere endringane? Kva potensiale er det i å gjennomføre endring.

Den økonomiske krisa har ført mange verksemder inn i ein situasjon der dei må ta stilling til desse problemstillingane.  Og den er aktuell for verksemder som ned- eller oppbemannar og sjølv for dei som er lite påverka av krisa.

Du får no sjansen til å lære meir om dette temaet den 5. juni kl 09-11  i Sogndal.
Stad: Auditorium i første etasje i Fosshaugane Campus.

Morten Levin, professor ved NTNU Institutt for industriell økonomi og teknologileiing, snakkar om opphavet og dagens  bruk av omgrepet endringsleiing.  Det sentrale i presentasjonen er å  avklare kvifor endringsleiing er sentralt i moderne arbeidsliv – spesielt når den økonomiske krisa krev raske og effektive omstillingar. Norsk arbeidsliv har eit konkurransefortrinn ved at forholdet mellom partane i arbeidslivet (den norske modellen) gir betydelige muligheiter for smarte og kontinuerlige endringsprosessar. Utfordringa i norsk leiing  er å utløyse dette potensialet som er der.

Professor Morten Levin sin forskingsaktivitet er fokusert på endring i organisasjonar, spesielt med eit blikk mot samspelet mellom teknologi og organisasjon. Ei betydelig side ved Levins forsking har vore utvikling av aksjonsforsking epistemologiske og metodiske grunnlag, noko som også har gitt grunnlaget for Levins aksjonsforskingsorienterte tilnærming til organisasjonsutvikling.  Levin har utgitt bøker om organisasjon og leiing, organisasjonsutvikling og aksjonsforsking både på norske og på internasjonale forlag og har ein betydelig produksjon publisert i internasjonale tidsskrifter.

Seminaret vert arrangert i samarbeid med VRI Sogn og Fjordane og Vestlands-nettverket for organisasjonsfag. VRI er eit program som skal stimulere næringslivet til større satsing på kompetansebygging, innovasjon og internasjonalisering. VRI skal vere med å sette ulike aktuelle tema på dagsorden. For meir informasjon om VRI Sogn og Fjordane sjå: www.rup.no

Seminaret er gratis, men send ein epost med påmelding til Ingjerd Skogseid,
Vestlandsforsking (epost: isk@vestforsk.no tlf. 916 96 016) slik at vi finn eit høveleg rom.

Vegbeskrivelse